NYE KRAV: Frå år 2025 trer dei nye kompetansekrava til lærarane i kraft. – Me oppfordrar alle lærarane som manglar studiepoeng i Lærdal til å søkje etterutdanning slik at kommunen er godt rusta for framtida, seier Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst. Foto: Arkiv. 
NYE KRAV: Frå år 2025 trer dei nye kompetansekrava til lærarane i kraft. – Me oppfordrar alle lærarane som manglar studiepoeng i Lærdal til å søkje etterutdanning slik at kommunen er godt rusta for framtida, seier Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst. Foto: Arkiv.  (Foto: Camilla Skjær Brugrand)

Rekordmange lærarar har søkt etterutdanning

Seks lærarar ved Lærdalsøyri skule har søkt om etterutdanning for å møte dei nye kompetansekrava frå staten. 

Lærdal: Omlag 30.000 lærarar i heile Noreg må no tilbake på skulebenken om dei ønskjer å halde fram i jobben sin når dei nye kompetansekrava vert innført i 2025. 

– For oss er det viktig å ruste skulane for framtida og med dei nye kompetansekrava som no er komen, seier Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst i Lærdal kommune. 

Les også: Sp: – Ein trist dag for den norske skulen

Nye krav

I dei nye kompetansekrava må lærarar ha 30 studiepoeng for å undervisa i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk på barneskulen. Lærarar som underviser på ungdomsskulen, må ha 60 studioepoeng i dei tilsvarande faga. 

– Det er endå ikkje avklart om dei lærarane som har fått godkjenning av kommunen til å vidareutdanne seg, får opptak på skulane, seier Liltved. 

Utdanningsforbundet i Lærdal opplyser om at vel 30.000 lærarar i Noreg no står utan godkjent utdanning. Desse har ni år på seg til å ta dei studiepoenga dei manglar. Det vil sei at "avskilta" lærarane får undervise i ni år til, med "prøveskilt".

– Det finst gode støtteordningar frå staten og me oppfordra alle om å søkja, seier Liltved. 

Skulane må leggje puslespelet 

I Lærdal er det tre skular: Borgund, Ljøsne og Lærdalsøyri skule. Til hausten kan seks lærarar ved sistnemnde skule bli vekke og skulen vil då få økonomisk støtte til å setje inn vikarar. 

– Skulen må sjølv leggje det endelege puslespelet medan lærarane etterutdannar seg. Skulane i Lærdal skal også ned i resursar totalsett, seier Liltved. 

Det er i år 2025 at alle lærarar i Noreg må oppfylle dei nye krava frå staten. 

– Krava er ganske tøffe, men det er viktig at me som kommune er godt rusta. Me kan ikkje stå utan folk som ikkje har den rette kompetansen, seier Liltved. 

Råkar ikkje eldre 

Lærdal kommune har stilt lærarane fritt til å søkje og har ikkje pålagt dei til å søkje. 

– Det er opp til lærarane, men me oppfordrar dei til å søkje. Nokre av dei eldre lærarane tenkjer nok at dette fyrst trer i kraft etter deira tid. Men det er alltid ein moglegheit for å ta vidareutdanning, utvikla seg og læra meir, seier Liltved.

Fleire av dei seks lærarane har søkt seg til Høgskulen i Sogndal som tilbyr mykje, men ikkje alt. Andre har søkt seg til Bergen. 

– Me oppfordra alle til å søkja i Sogndal, sidan dei har den aktuelle ordninga. I tillegg handlar det om reise- og opphaldsutgifter for kommunen som dekkjer dette, seier Liltved. 

Lærarane får vanleg lønn og kommunen dekkjer reise-, opphald- og lærebøker. 

– Eg forventar at fleire lærarar vil følgje etter, seier ho. 

Problem for mindre skular

Ved Borgund skule i Lærdal utgjer lærarstaben tilsaman 3,5 årsverk. Dei fleste er allmennlærarar og underviser i fleire fag.

– Dei nye kompetansekrava vil bli eit problem for dei små skulane, spesielt Borgund. Her kan det oppstå utfordringar, seier Liltved. 

Fram til no, har det vore vanleg med allmennlærarar i staden for spesialiserte lærarar i Noreg.

– Ein får ein anna type skule, med meir spesialisering i faga, seier Liltved. 

Fristen for lærarar å søkja om etterutdanning til kommunen var 1. mars. Ordninga har eksistert i fleire år, og det er mogleg for lærarar å søkje igjen til neste år.  

Til toppen