Sherpaer har lagt skiferheller på stiar over heile landet i fleire år. Her har fire sherpaer lagt skifer på vegen opp til Madonnaskulpturen i Trillemarka i Sigdal i Buskerud.
Sherpaer har lagt skiferheller på stiar over heile landet i fleire år. Her har fire sherpaer lagt skifer på vegen opp til Madonnaskulpturen i Trillemarka i Sigdal i Buskerud. (Bilde: Erik Johansen/NTB scanpix/NPK)

Rekordmange sherpaer laga norske stiar i sommar

Første året sherpaer jobba med stiar i Noreg var dei fire. I år har det vore 38 sherpaer på jobb i norske fjell. 

NPK:– Eg synest det har vore ei positiv utvikling, men det å få tak i pengar til stiar er ingen enkel sak. Det var vore fem gode år, så no er eg veldig spent på korleis det blir framover, seier Geirr Vetti, som er arbeidsleiar for sherpaene, til NRK.

Dei siste åra har det vore aukande besøk til dei norske stiane og turvegane rundt nasjonalparkane. Dette har ført til auka slitasje, som igjen har gjort til at sherpaene frå Nepal har fått mykje jobb.

– Eg har rekna ut at sherpaer har lagt 4,5 kilometer med sti i Jostedalsbreen nasjonalpark. Stiane styrar ferdselen og er meir skånsamt for naturen, seier Maria Knagenhjelm, som er nasjonalparkforvaltar i Jostedalen nasjonalpark, til NRK.

Til toppen