FESTIVALHELG: I helga blir det fest i Lærdal når Jordeplerock går av stabelen for femte gong. Foto: Jan Christian Jerving.
FESTIVALHELG: I helga blir det fest i Lærdal når Jordeplerock går av stabelen for femte gong. Foto: Jan Christian Jerving.

Rekordmange skal på Jordeplerock i helga

Fredag startar Jordeplerock i Lærdal. No gjenstår berre detaljar før den unge festivalen kan ta imot publikummarar. 

Lærdal: Det fortel Maritha Skjerdal. Om få timar vil gjester frå heile Sogn innta Lærdal for å nyte god musikk og festivallivet på det som er ei jubileumsutgåve av Jordeplerock.

Faktisk vil det kome rekordmange publikummarar til Lærdal denne helga. Allereie før ei einaste tone er spelt, har festivalen sett ny billettrekord.

– Det har gått over all forventning. Me er relativt ferske, så me har jo hatt rekordsal fleire år, men slik det har vore i år hadde me ikkje venta, seier ho.

Spelar på identiteten til lærdølene

Under Lærdalsmarknaden sist helg selde dei tre gonger så mange billettar som dei plar, og det er ofte her dei sel mest. 

– At me sel så mykje der, gjer at førehandssalet har auka betrakteleg. Sist me sjekka, var det att 600 billettar, så det blir sal i døra allereie no klokka 12.00. Eg ser ikkje vekk i frå at det blir fullt i kveld sjølv om vêret ikkje er det beste, seier ho.

Dette er det femte året til Jordeplerock. Sjølv om dei kvart år seier at «dette var siste gongen», ender gjengen stadig vekk opp med å satse år etter år. 

– Eg veit ikkje kva me har gjort som gjer at det har gått så bra. Me har jo tatt noko så simpel og rart som jordeple, som er ein identitet for bygda, og laga noko artig av det. Eg trur det kan ha noko å seie at festivalen først og fremst er for unge. Slik har me danna oss eit kjempestort nettverk. Dessutan har me vore på festivalar i nærleiken, prøvd å ta det beste av dei og blåse det inn i vår eigen. I tillegg har jo me feila og lært ein del, er forklaringa hennar.

I utgangspunktet hadde festivalen sitt utspring i eit bulystprosjekt, der målet var å skape trivsel og gjere folk stolte av det som er særpreget til Lærdal med laks og grøn kommune. 

Medisin mot dårleg vêr

Fredag kveld er det Byting, Innertier og Vassendgutane som står på scena. Dei vil garantert sørge for god stemning sjølv om vêrutsiktene ikkje er dei beste.

– I fjor kom det ei skikkeleg skur på fredagen. Då kom paraplyane, men i år ønskjer me ikkje det inne på området. Difor sel me ponchoar slik at dei som kjem utan regnklede kan skaffe seg ein slik. Då slepp me paraplyar som øydeleggjer sikta for mange. 

Laurdag er det Staut, Daniel Kvammen og Freddy Kalas som står for festen.

Til toppen