REKORD: Skyttarlaga i Sogn, her represenetert ved leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag, har jobba hardt med rekruttering dei siste åra. I år kan dei sende avgarde eit rekordstort tal skyttarar til Landsskyttarstemnet som no inntek Førde.
REKORD: Skyttarlaga i Sogn, her represenetert ved leiar Olav Skarsbø i Leikanger skyttarlag, har jobba hardt med rekruttering dei siste åra. I år kan dei sende avgarde eit rekordstort tal skyttarar til Landsskyttarstemnet som no inntek Førde. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Rekordmange skyttarar frå Sogn deltek på Landsskyttarstemnet

Til Landsskyttarstemnet i Førde reiser 205 deltakarar frå Indre Sogn. Det er rekord.

Førde: Det er venta at 12-15 000 tilreisande kjem til Førde i løpet av helga for å skape tidenes skyttarfest i sunnfjordbyen. Blant dei er 205 skyttarar frå Indre Sogn.

– Det har aldri vore så mange deltakarar frå Indre Sogn på eit Landsskyttarstemne, som me er no. Det er tydeleg at det er stor interesse, seier Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag.

Med 52 deltakarar har dei store sjansar til å bli det største laget representert under stemnet. Men òg dei andre laga ligg an til å setje personlege rekordar. Mellom anna er Årdal representert med 58 deltakarar frå skyttarlaga Farnes og Knipenborg.

– Me har mobilisert for å få med oss flest mogleg, det har noko alle laga har jobba med lenge. Ikkje minst er det mange unge skyttarar som er med for første gong, seier Skarsbø.

Han meiner dei no ser resultatet av langvarig jobbing med både rekruttering og anleggsutvikling.

– Men dei godt miljøa me har skapt er kanskje det mest avgjerande, for det er ikkje nødvendigvis dei som har dei beste anlegga som har dei beste skyttarane. Miljøet er avgjerande for både resultat og breidde, seier Skarsbø.

Han minner om at Landsskyttarstemnet er ei av dei største nasjonale samlingane i løpet av året, på høgde med til dømes Norway Cup, og ei oppleving i seg sjølv å få vere med på.

– Då er det ekstra kjekt at våre eigne skyttar er med på å gjera det til ein folkefest, seier Skarsbø.

Til toppen