KLARE: Lars Jostein Myklevold (f.v.), Bjarne Sandvik, Gunnar Nyhus, Sissel Husabø Aanneland og Robert Sandvik (leiar i Knipenborg skyttarlag) like før Vårttreffen Indre Sogn 2017 er i gang. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KLARE: Lars Jostein Myklevold (f.v.), Bjarne Sandvik, Gunnar Nyhus, Sissel Husabø Aanneland og Robert Sandvik (leiar i Knipenborg skyttarlag) like før Vårttreffen Indre Sogn 2017 er i gang. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Rekordmange skyttarar på Vårtreffen

Tre banestemner og to feltstemner går av stabelen i Årdal, Lærdal og Aurland denne helga.

Indre Sogn: – I år er det påmeldt over to hundre; så mange har me ikkje vore før. I fjor var det 190 skyttarar, i år 205, seier Robert Sandvik, leiar i Knipenborg skyttarlag.

Den årlege Vårtreffen i Indre Sogn starta fredag ettermiddag og varar helga gjennom.  Tre banestemner blir arrangerte fredag og laurdag; eitt på Loi på Tangen, eitt på Mjøen i Øvre og eitt i Aurland.

Søndag er det feltskyting i to kategoriar; grovfelt og finfelt. To stemner blir arrangerte då; eitt på Tønjum i Lærdal og eitt i Vikadalen i Årdal.

Artikkelen held fram under biletet

BANESKYTING: Fredag og laurdag er det baneskyting som gjeld under vårtreffen.
BANESKYTING: Fredag og laurdag er det baneskyting som gjeld under vårtreffen.

– Nokre med for å ha det moro, andre konkurrerer hardare

Skyttarane er også inndelte i klassar etter alder og nivå. Nivåklassifiseringa går frå klasse 1 til klasse 5, der dei beste er i sistnemnde.

– Klasse 1 til 3 er dei som er med for å ha det moro. I klasse 4 og 5 finn du dei som verkeleg konkurrerer, seier Sandvik.

I tillegg er det ei ny klasse i år; jegerklassen. Her får jegerar delta.

– Dei kan velja om dei vil stilla i full skyttarhabitt og våpen som er godkjent av skyttarvesenet, eller om dei vil stilla med jaktrifler og jaktklede, forklarar Sandvik.

Artikkelen held fram under biletet

KLARE: Bjarne Sandvik og Sissel Husabø Aanneland gjer seg klare til første serie.
KLARE: Bjarne Sandvik og Sissel Husabø Aanneland gjer seg klare til første serie.

Sjåfør og skyttar

Sissel Husabø Aanneland frå Leikanger er klar i full skyttarhabitt rett før start fredag ettermiddag. Men ho stiller i klasse 1 og er med for moro, strekar ho under.

– Først og fremst er eg sjåfør for far min, for han er så ivrig. Men eg skyt no sjølv også. Me brukar nokre helgar på våren og sommaren på skytestemner, og me er med på Landsskyttarstemnet, seier ho

Gunnar Nyhus frå Årdal og medlem i Knipenborg skyttarlag stiller i jegerklassen.

– Det er fint å kunne vera med på stemnet her mellom anna fordi eg får testa meg på 200 meter. Så får ein sett kor god eller dårleg ein er.

På desse lenkjene finn du live-visning/resultat frå dei ulike stemna:

Til toppen