CAMPUS SOGNDAL: Rekordmange har søkt seg til høgare utdanning i år.
CAMPUS SOGNDAL: Rekordmange har søkt seg til høgare utdanning i år. (Foto: Høgskulen på Vestlandet/Arkiv)

Rekordmange søkjarar til høgare utdanning i Sogndal

Det var forventa lågare søkjartal til høgare utdanning i år. Likevel har søkjartala i Sogndal auka med 9,4 prosent, skriv høgskulen i ei pressemelding.

Sogndal: – Ved Høgskulen på Vestlandet ser me ein stor oppgang i søkjartal, stikk i strid med forventninga. Også Sogndal har fått ein mogleg «korona-effekt» på årets søkjartal, seier prorektor for utdanning, Bjørg Kristin Selvik.

Sosialt arbeid er det mest populære studiet i Sogndal. Samla sett fekk sosialt arbeid 1000 søkarar og 116 personar som hadde det som sitt førsteval.

Mange vil studere historie på nett

Det er også andre studietilbod ved campusen som er populære blant søkarane i år.

PROREKTOR: Prorektor, Bjørg Kristin Selvik, er godt nøgd med søkjartala til høgare utdanning i år. Foto: Henrik Thorsnes Lefdal

Sogndal sitt nye nettbaserte studium i historie har særs gode søkartal. Dette er det første studietilbodet HVL har som berre er på nett. 25 personar har bachelor i historie på nett som sitt førsteval, medan 98 ynskjer årsstudium. Totalt fekk årsstudiet, som har 20 studieplassar, 432 søkarar.

– Dette kan tyde på at mange ynskjer å ta nettbasert utdanning, som på eit vis er meir fleksibelt. Kanskje er det ein del lærarstudentar som også vil fordjupe seg i historie. Det er kjekt å sjå at det nye studietilbod slår an, seier Selvik.

Nedgang på lærar, men idrett går godt

Søkjartala ved grunnskulelærarutdanninga har gått nedover lenge, både nasjonalt og ved HVL. I Sogndal er det i år åtte prosent fleire førstevalssøkjarar til 1.-7.-trinn, men ein større nedgang på 5.-10.-trinn.

– Me skulle gjerne ha sett fleire søkarar til lærarutdanninga også i år. På den lyse sida har HVL ein mindre nedgang enn det resten av landet har, seier Selvik.

Idrettsmiljøet i Sogndal har all grunn til å juble. Friluftsliv har fått mange nye søknadar, medan 69 ønsker å bli personleg trenar som sitt primære studieønske. Alle andre idrettsfag har òg gode resultat i år.

Suksess med ny mastergrad i økonomi

Også samfunnsfaga er populære i Sogndal i år. Den nye mastergraden Business, Marketing and Innovation hadde 39 førstevalssøkjarar til 20 studieplassar. Bachelorgraden i økonomi og administrasjon har dessutan 18 fleire førstevalssøkjarar enn i fjor.

Mastergraden Climate Change Management har tradisjonelt sett hatt gode søkjarar frå utlandet, og dei gode tala held fram:

– Klimatematikk er framleis populært. I år var det 372 førstevalssøkjarar til programmet, som utgjer ein vekst på 21 prosent. Dei andre natur- og realfaga i Sogndal held seg stabile, fortel Selvik.

Mogleg koronaeffekt på søkartala

Campus Sogndal har ein oppgang på 9,4 prosent samanlikna med 2019, og 5,9 prosent fleire førstevalssøkjarar. Tala er likevel påverka av at vernepleie deltid er utsett til hausten 2021, og at barnehagelærar deltid ikkje har opptak i år. Begge delar slår negativt ut på den prosentvise endringa. Tar ein desse bort, har Sogndal ein auke på 19 prosent førstevalssøkjarar.

Totalt opplever Høgskulen på Vestlandet ein auke i førstevalssøkarar på 8,2 prosent, mens det nasjonalt er ein auke på 8,8 prosent. Aldri før har så mange søkt studium ved HVL.

I utgangspunktet venta høgskulen, som resten av landet, ein nedgang i tal søkarar, fordi avgangselevane i vidaregåande skule tilhøyrer eit mindre årskull. I staden blei det ein markant vekst.

– Vi opplever at koronaviruset har hatt ein positiv effekt på søkjartala til alle våre fem studiestadar på Vestlandet. Det er gledeleg at så mange ser moglegheitene i å studere, seier Selvik.

Til toppen