AUKE: Høgskulen i Sogn og Fjordane har 213 fleire studentar enn for eitt år sidan. Illustrasjonsfoto
AUKE: Høgskulen i Sogn og Fjordane har 213 fleire studentar enn for eitt år sidan. Illustrasjonsfoto

Rekordmange studentar ved høgskulen i Sogn og Fjordane 

 Høgskulen i Sogn og Fjordane har 213 fleire studentar enn for eitt år sidan. 

Sogn og Fjordane: I følgje ferske tal frå Database for høgare utdanning har høgskulen i Sogn og Fjordane 4033 registrerte studentar per 15. oktober 2016. Dette er det høgste studenttalet nokon gong ved denne skulen.

- Det er kjekt å runde 4000. Dette er ei målsetjing vi har hatt ei stund, seier Terje Bjelle, viserektor for utdanning, på høgskulen i Sogn og Fjordane si heimeside.

Alle avdelingane har eit høgare studenttal enn tidlegare, med unntak av Avdeling for helsefag. Auken i studenttalet markera seg særleg for studium som barnehagelærar, idrett, naturfag, samfunnsfag og sosialarbeidar.

Høgskulen opplever vekst

Bjelle seier at høgskulen opplever slik vekst, fordi dei rekrutterer godt og fyller alle utdanningar.

- I tillegg gjennomfører dei som byrjar i større grad studiet sitt.

Høgskulen i Sogn og Fjordane har utvida noko, men ikkje dramatisk.  

- Først og fremst er dette eit uttrykk for at vi rekrutterer godt og at studentane blir her og fullfører, seier Bjelle.

Fleire rekordar

Talet for uteksaminerte kandidatar i vårsemesteret er høgare enn tidlegare. Høgskulen uteksaminerte 773 kandidatar med gradsgjevande vitnemål i 2015.

- Det bør vere realistisk at dette talet blir nærare 800 i 2016, avlsuttar Terje Bjelle

Til toppen