SOGN OG FJORDANE: Rekordmange unge vil jobbe i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto
SOGN OG FJORDANE: Rekordmange unge vil jobbe i Sogn og Fjordane. Illustrasjonsfoto

Rekordmange unge vil jobbe i Sogn og Fjordane

1020 søknader kom inn etter at Framtidsfylket lyste ut 19 traineestillingar i Sogn og Fjordane.

Talet er nær ei dobling frå i fjor, då 550 søknader kom inn, fortel Firda.

– Eg er mållaus! Dette syner at vår langsiktige satsing på å synleggjere fylket vårt og karrieremoglegheiter i fylket har lukkast, seier dagleg leiar Gro Rukan i Framtidsfylket, som er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering. Rukan trur òg ein usikker jobbmarknad kan ha spelt inn på søkjartala.

Framtidsfylket arrangerer karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim for å freiste nyutdanna med jobb i fylket. I år kom 75 prosent av søkjarane frå andre stader i landet. Fjord1 og Sparebanken Sogn og Fjordane har dei høgste søknadsbunkane, med 103 og 101 søkjarar til éi stilling i kvar verksemd, ifølgje Firda. 

Til toppen