Flåm har jobba for å utvide turistsesongen og har no ope heile vinteren. Dei meiner det er ein av årsakene til gode tal.
Flåm har jobba for å utvide turistsesongen og har no ope heile vinteren. Dei meiner det er ein av årsakene til gode tal. (Skjermbilde: Tertialrapport Aurland Ressursutvikling AS )

Rekordresultat i Flåm – auke på 13 prosent

Mange reisemål i Noreg har teke kontakt for å lære, skriv dei i ei pressemelding.

Aurland: Konsernet Aurland Ressursutvikling hadde i 2. tertial 2019 ein omsetnad på 187,9 millionar kroner, ei auke på 13 prosent samanlikna med 2018.

Resultat før skatt for tertialet vart 104,7 millionar kroner, mot 95,9 millionar kroner i same periode i 2018. Dette er rekord, både for omsetnad og lønsemd, skriv Flåm AS i ei pressemelding.

– Utviklinga i Flåm er prov på at reiselivet gir ein fantastisk moglegheit for næringsutvikling i distrikta. Mange reisemål i Noreg har teke kontakt for å lære av Flåm.

– Vi glade for å dele både erfaring og kunnskap, seier Solrun Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling AS.

Trekker fram to suksessfaktorar 

Ho trekker fram to suksessfaktorar som har vore sentrale, der den første er heilskap og heilårsdrift. Flåm har jobba for å utvide turistsesongen og har no ope heile vinteren.

– Dette krev både produktutvikling og samhandling med dei andre lokale aktørane, slik at Flåm framstår ope og tilgjengeleg med ulike tilbod. Flåm er like vakker alle årstider, seier ho.

Satsinga auka også tal heilårs-arbeidsplassar. Berre i Flåm AS var det 75 heilårstilsette ved utgangen av august. 

Profesjonell distribusjon og logistrikk

Den andre suksessfaktoren er profesjonell distribusjon og logistikk. Flåm AS har ein stor stab som jobbar med internasjonal marknadsføring og sal.

I tillegg er det investert i infrastruktur og system som gjer det mogleg å handtere ein veksande turistmengde, samstundes som dei tek vare på miljøet.

– Vi er nøydd å tenka miljøvenleg utvikling. Det er naturen gjestane kjem hit for å oppleva. Difor har vi etablert visjon nullutslepp.

Flåmsbana har gått på rein og fornybar energi i over 70 år. Dei har investert i heilelektriske båtar, tilrettelagt for 40 ladestasjonar på Fretheim Hotell, og går elles systematisk gjennom alle deler av verksemda for å redusera utslepp. 

Investeringar

Aurland Ressursutvikling og Flåm-klynga har i 2019 halde fram med investeringar for framtidig, berekraftig vekst. Flåm Utvikling AS er i gang med å utgreie og førebu innkjøp av nye vogner til Flåmsbana.

Det heilelektriske fartøyet Future of The Fjords starta ruteaktivitet på Nærøyfjorden som planlagt i 2018, hybridfartøyet Vision of the Fjords har hatt ruteaktivitet i Nærøyfjorden om sommaren og i Oslo om vinteren og det heilelektriske Legacy of the Fjords skal leverast i juni 2020, står det i pressemeldinga. 

Til toppen