MÅLROCK: Seigmenn på scena i Meieriparken på Årdalstangen under fjorårets festival. Arkivfoto
MÅLROCK: Seigmenn på scena i Meieriparken på Årdalstangen under fjorårets festival. Arkivfoto

Rekordsal av billettar – det nærmar seg Målrock

– Me ligg godt an mot tidlegare år og har seld over 600 festivalpass, noko som sjølvsagt er veldig gledeleg, seier Katrine Clausen Fredheim, festivalsjef for Målrock. 

For 12. gong går Målrock av stabelen i Årdal. Frå onsdag 5. til laurdag 6. august er det nok å gle seg til. 

Mange av festivalpassa vart riven vekk før prisen auka 15. juli. I tillegg har også ein del alt sikra seg dagsbillettar. 

Trur det blir plass til alle

– Talet me er oppe i på selde billettar er veldig bra mot kva me har selt tidlegare, seier Katrine Clausen Fredheim, som er festivalsjef på tredje året. 

REKORDSAL: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim under fjorårets festival. Arkivfoto
REKORDSAL: Festivalsjef Katrine Clausen Fredheim under fjorårets festival. Arkivfoto

Likevel trur ho ikkje du treng bekymre deg for at du ikkje får plass. Fredheim oppmodar likevel folk om å kjøpa billett på førehand, då det er eindel pengar å spare. Det er framleis mogleg å kjøpe dagsbillettar i døra under festivalen. Målrock har eit tak på 3000 personar per dag. 

Billettar kan du sikre deg her

Har fjorårets vêr friskt i minne

No tek ho tek sikte på mykje folk og strålande vêr. Fredheim gløymer ikkje forårets festival, som bokstavleg talt vart teken av stormen "Lena". Vinden gjorde at arrangørane ikkje såg anna råd enn å avlyse festivalen under konserten til Strupetakarane laurdag. Heller ikkje Fish, Imperial State Electric og Karpe Diem fekk kome på scena og avslutte kvelden slik som planlagt. 

– Sjekkar du alt vêrmeldingane?

– Ja, eg må seie at eg er nervøs for vêret og eg sjekkar vêrmeldingane med jamne mellomrom. Eg var frivillig på Slottsfjellfestivalen for nokre veker sidan, der bles det godt, så eg håpar me har hellet med oss, seier ho lurt. 

Fredheim fortel dei må selje ein del billettar for at festivalen skal gå rundt. Arrangørane ligg godt an budsjettmessig så langt, men dei har eit stykke att før dei er der dei må vera. 

– Er du bekymra?

– Eg roar med aldri før festivalen er over, slik har det vore kvart år, men det brukar å gå greitt. Det hjelper også på når me har så godt førehandssal som no, fortel Fredheim. 

Dei frivillige er alt i sving

Dugnadsinnsats er heller ingen mangelvare under arrangement som Målrock.

Artikkelen held fram under biletet

UTESCENE: Utescena under Skåri Utladalen tek form i desse dagar. Magne Folven (f.v) monterer, medan Helge Øren inspiserer slik at alt blir rett. 
UTESCENE: Utescena under Skåri Utladalen tek form i desse dagar. Magne Folven (f.v) monterer, medan Helge Øren inspiserer slik at alt blir rett. 

Mellom anna bidreg Magne Folven, Tom Røysi og Ole Magnar Nundal i desse dagar for å få på plass scena under Skåri i Utladalen, noko som tek dei to til tre kveldar. Utsyr har dei fått låne av Kleiven Sogn, Årdal Byggservice og Sunde Resirk, og siste finpuss på utescena står att til tidleg neste veke.

I tillegg var Helge Øren, ein av instruktørane for Asvo-bandet, på plass tysdag, slik at scena blir spesialtilpassa deira behov, fortel Ole Magnar Nundal. 

Asvo-bandet spelar opp til konsert under Skåri laurdag, noko Tommy Tokyo og Minor Majority også gjer. 

Les også: Lokale heltar gjer Målrock-programmet komplett

Friluftsliv som ramme rundt festivalen ​

Målrock dreg i år gang ein friluftsdel under årets festival. I samarbeid med Utla Opplevelsescamp og Årdal turlag som står for fredagsturen. 

– I tillegg til scena under Skåri som me har hatt nokre år, er det viktig for oss å bruka heile bygda og syna fram alt det fine me har her i Årdal. Difor har me i år med ein friluftsdel, for å få ei større ramme rundt festivalen, seier festivalsjefen. 

Les også: Slik blir friluftsdelen under Målrock

Nokre endringar på programmet

Nokre justeringar var arrangørane likevel nødd å gjera på friluftsdelen, då det er mykje snø i fjellet, fortel Fredheim. 

Onsdagturen er no sett opp motsatt veg, noko som vil gjera turen lettar for mange. Turen går fram folkevegen til Vetti, opp til Brendeteigen, Stølsmaradalen, over til Avdalen og attende til Hjelle. Kvelden blir som planlagt avslutta med intimkonsert med Karl Seglem på Svalheim gard, der årdølen mikser bukkehorn med elektronika. 

Artikkelen held fram under biletet

UTLADALEN: I årets utgåve av Målrock kan du også vera med på turar rundt om i Årdal. Bilete er frå Vettisfossen i Utladalen. Arkivfoto
UTLADALEN: I årets utgåve av Målrock kan du også vera med på turar rundt om i Årdal. Bilete er frå Vettisfossen i Utladalen. Arkivfoto

Det blir ikkje noko av torsdagens sykkelturen frå Sletterust til 1000-meteren, på grunn av liten påmelding. Toppturen til Soleibotntind (2088 moh) går som planlagt, sjølv om du må rekne med å møte snø på vegen. Fredheim fortel det til no er bra påmelding til denne turen. På kvelden blir festivalen for alvor sparka i gang, der Fish, Ketil Thorbjørnsen og Raaskinn står på scena i Meieriparken.   

Fredagsturen til Heirsnosi, som tek tre til fire timar, har blitt endra ein lettare tur. Arrangørane kjem attende med meir informasjon om kvar turen går. 

Frist for å melde seg på turane er søndag 2. august. Om du ikkje har utvida festivalpass med friluftsdelen, kan du kjøpa enkeltbillettar til desse turane. 

Alt om Målrock 2015 finn du her.

Til toppen