GROR GODT: Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag, seier skyttarmiljøet i Sogn er i stadig vekst. Denne veka har dei arrangert  innandørsstemne med rekordstor deltaking. Foto: arkiv.
GROR GODT: Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag, seier skyttarmiljøet i Sogn er i stadig vekst. Denne veka har dei arrangert  innandørsstemne med rekordstor deltaking. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Rekordstor påmelding til skytestemne

– Dei siste åra har vi hatt ei vanvittig rekruttering.

SOSIALT: På Leikanger følgjer spente skyttarar resultata på bakrommet avslutningsdagen.
SOSIALT: På Leikanger følgjer spente skyttarar resultata på bakrommet avslutningsdagen.

Sogn: I Sogn har det vore skyting heile veka. Stemnet er eit samarbeid mellom dei fire skyttarlaga på Hafslo, i Sogndal, Norane og på Leikanger. 

– Over 250 utøvarar melde seg på og det har vore veldig lite fråfall. Det er sikkert det største stemnet me har hatt innandørs, seier Olav Skarsbø, leiar i Leikanger skyttarlag.

Les også: Her kjem den nye storstova til skyttarane

Han seier det blir jobba hardt rundt om for at fleire skal få augene opp for skytesporten.

– Dei siste åra har vi hatt ei vanvittig rekruttering. Alle laga har jobba for å få fleire med, ikkje minst at fleire skal koma seg ut frå sine eigne lokale og rundt på stemne, seier Skarsbø.

Mange unge kombinerer skyting med andre idrettar. Samstundes meiner Skarsbø at skytetrening har fleire positive effektar òg utover det reint sportslege.

– Ungar som er litt sprelske og urolige i kroppen har godt av å komma på ei bane og konsentrera seg. Det har god effekt på skulearbeidet. Og så gir det ei flott meistringskjensle å læra seg å handtera eit våpen.

I løpet av veka har det blitt skote fleire flotte resultat, utan at skyttarleiaren vil fokusere for mykje på det.

– Dette er hovudsakleg ei oppkøyring framfor bane og feltsesongen og det som skal skje på landsskyttarstemnet i Førde seinare i år. Difor er det så gledeleg at så mange er med. Me er ikkje så opptekne av resultat på dette tidspunktet av sesongen, seier Skarsbø.

Til toppen