REKORDSOMMAR: Aldri før har Tindevegen hatt så mange passeringar som denne sesongen. Rekorden er allereie slått. Når vegen vert stengt for vinteren vil nesten 40 000 køyretøy ha passert. Det kan Frank Eldegard gle seg over. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
REKORDSOMMAR: Aldri før har Tindevegen hatt så mange passeringar som denne sesongen. Rekorden er allereie slått. Når vegen vert stengt for vinteren vil nesten 40 000 køyretøy ha passert. Det kan Frank Eldegard gle seg over. Foto: Truls Grane Sylvarnes.  (Foto: Arkiv)

Rekordstor trafikk på Tindevegen

Når snøen omsider gjer det umogleg å køyre over Tindevegen, vil nesten 40 000 køyretøy ha passert denne sommaren. 

Øvre Årdal: Det er ny rekord for det spektakulære fjellvegen mellom Turtagrø og Øvre Årdal. Den førre toppnoteringa vart sett for to år sidan med nesten 33 000 passeringar. 

– Årets sesong har vore heilt voldsom i likskap med andre sine erfaring med sesongen. Det er sikkert mange like årsaker til det, men me har gjort eit godt arbeid med å synleggjera vegen, fortel Frank Eldegard.

Berre frå i fjor har dei hatt 7000 fleire passeringar, ein auke på rundt 22-23 prosent. Når snøen etter kvart legg seg for alvor og vegen vert stengt om rundt ein månad, vil nesten 40 000 ha passert i den eine eller andre retninga sidan slutten av april.

Gode tilbakemeldingar

Ei svak krone og nordmenn som ferierer meir i eige land, er nok ein del av forklaringa i tillegg til at Tindevegen sjølv også investerer meir i å syne seg fram der det faktisk løner seg å vere synleg. 

Dessutan er det ein del tyskarar og nederlendarar som grip fatt på den spektakulære strekninga. Felles for alle er at dei tar masse bilete og deler i sosiale medium, noko som er gull verdt for produktet. 

– Tilbakemeldingane me får, er at dei er veldig nøgde. Turistane køyrer ikkje her for å spara tid, men for å oppleva noko, og her får du den kjappaste overgangen frå Fjord-Noreg til Fjell-Noreg. Samstundes er det også ein snarveg for dei som til dømes skal frå Bergen til Trondheim, legg han til. 

Skal bruke pengane på vegen

Ein kan heller ikkje skulda på vêret for den enorme auken. Sola har ikkje vore altfor ofte framme denne sommaren, men i juli var det likevel 14 000 passeringar med ein dagsrekord på 650. Dette gir pengar i kassa som skal brukast på vegen. Mellom anna finst det planar for to rasteplassar, fortel Eldegard.

– Pengane skal gå tilbake til produktet. Når me har ein slik sesong, gir det oss fleire verkemiddel. Det som er viktig med tanke på turisme, er stoppeffektar og at det finst informasjon. Det passerer 40 000 køyretøy over torget i Øvre Årdal, kanskje 100 000 menneske. Då er det ei utfordring at næringslivet utnyttar dette. Der har me ein jobb å gjera framleis, og det trur eg mange er klar over, seier han.

Utfordrande med tre eigarar av strekninga

Det er også andre utfordringar. Viss ein reknar heile strekninga frå Øvstetun i Øvre Årdal til Turtagrø, er det intet mindre enn tre deleigarar av vegen. Fylkeskommunen har ansvaret opp til Haug, kommunen har ansvaret derfrå til skihytta, før Tindevegen styrer med resten av strekninga.

– Me er innstilt på å sjå på fellesløysingar for tilrettelegging av informasjon og kvalitet på vegen frå Øvstetun til skihytta. Prosessar tar litt lengre tid når me er fleire, legg Eldegard til.

Han meiner dei framleis har moglegheit til å vakse og ta imot endå meir trafikk, til og med grupper i form av buss.

– Det blir ei utfordring viss det skjer, men den må me ta. Me veit kor flaskehalsane er, men ein må også leggja til rette for at det må bli lettare for andre å ferdast på vegen dersom det skal køyre bussar her.

Til toppen