SNØSMELTING: Kraftmagasin ved Jostedalsbreen.
SNØSMELTING: Kraftmagasin ved Jostedalsbreen. (Foto: Statkraft)

Rekordstore målingar av snø i Sogn aukar faren for skadeflaum

Dei rekordstore snømengdene i fjellet aukar faren for skadeflaum i vassdraga denne våren. I Vik, Høyanger og Jostedalen har det vore dei høgaste målingane på 20 år.

Sogn: I vassdraga i Sogn er det i år enormt store snømengder i dei høgaste områda. Det melder Statkraft i ei pressemelding. 
 
– Våre snømålingar stadfestar inntrykket om at det er uvanleg mykje snø i fjellet i år, seier Kåre Hønsi, produksjonssjef i Statkraft Midt-Norge. 
 

Har teke grep for å redusere skadeomfang

Det fører til fare for vasstandar over høgste regulerte nivå i fleire av magasina, samt ekstra store vassmengder i elvane i vassdraga. No har Statkraft førebudd seg ved å tappe ned dei store magasina i vassdraga, for å kunne redusere eit eventuelt skadeomfang betydeleg. 
 
SNØMÅLING: Redkordstore snømengder kan få store flaumkonsekvensar. Foto: Statkraft
 
– Dette er dei høgste snømålingane siste 20 åra både i Vik, Høyanger og Jostedalen, seier  Hønsi. 
 
Statkraft melder om at dei har oversikt over magasina og snøsituasjonen, og fylgjer utviklinga kontinuerleg for å kunne bidra til å hindre flaumar og redusere skadeomfang
Til toppen