REKORD: Arrangørane av haustmarknaden melder om rekord i tal besøkande under årets haustmarknad. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
REKORD: Arrangørane av haustmarknaden melder om rekord i tal besøkande under årets haustmarknad. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Rekordtal for haustmarknad

Det var ein jamn stim av folk heile laurdagen under haustmarknaden sin fyrste torgdag. Arrangørane melder om rekordbesøk og stor interesse for marknaden. 

Med eit yrande folkeliv frå tidleg formiddag til ut på ettermiddagen, fekk dei omlag 60 salsbodene på Lærdalsøyri det travelt denne laurdagen. I tillegg var det bruktmarknad på Einemolåven der det også var godt med besøkande heile dagen. 

LES OGSÅ: – Kø når me kjem

Sjølv om det var nokre timar att av marknadsdagen laurdag, kunne enkelte salsboder og utstillarar allereie då melde om at dei hadde seld ut alt dei hadde med seg. 

Artikkelen held fram under biletet.

FOLKELIV: Det var yrande folkeliv i Lærdal under årets fyrste torgdag på haustmarknaden.
FOLKELIV: Det var yrande folkeliv i Lærdal under årets fyrste torgdag på haustmarknaden.

– Det er vanskeleg å setje noko tal på besøkande her  i dag, men det har aldri vore så mykje folk på haustmarknaden tidlegare. Me merkar at det er mange som kjem frå nabobygdene, og det set me stor pris på, seier marknadssjef for haustmarknaden, Astrid Grøndal Trulssen.

Artikkelen held fram under biletet.

STOLT: Astrid Grøndal Trulssen er stolt over at så mange tek turen til Lærdal under haustmarknaden.
STOLT: Astrid Grøndal Trulssen er stolt over at så mange tek turen til Lærdal under haustmarknaden.

Lokale grønsaker

Konseptet med lokal mat omhandlar heile fylket, og utvalet slo godt an hjå dei som vitja Lærdal laurdag, og publikumsmengden syner at lokal mat er ein aukande trend. 

LES OGSÅ: Mat som attraksjon

Porten.no tok ein prat med mange av dei som stod i lange køar for å få betalt for dei lokale matvarene dei hadde plukka ut. Fellesnemnaren er ferske grønsaker av god kvalitet.

Artikkelen held fram under biletet.

GRØNT OG LOKALT: Det var rift om grønsakene, og salsbodene hadde det særs travelt.
GRØNT OG LOKALT: Det var rift om grønsakene, og salsbodene hadde det særs travelt.

At køane var lange hadde lite og seie, då gode tips og smakfulle oppskrifter vart delt medan dei venta. 

Faste produsentar

Magnar Høyvik ved grønsakstorget i Lærdal
IDENTITET: Magnar Høyvik meiner at bøndene må få fortsetje med drift i denne skalaen, slik at den lokale identiteten vert bevart.
Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

– Me treng dei lokale, og landbruket her må få lov til å driva utan at alt skal gå over til masseproduksjon på store anlegg, seier Magnar Høyvik. 

Han tykkjer at å kjøpe mat som er dyrka lokalt, gjev ei kjensle av tryggheit og kvalitet, samstundes som ein då støttar dei lokale bøndene. 

Marknadssjefen for haustmarknaden fortel at ho, og fleire med ho, har sine faste produsentar i Lærdal der dei får tak i ulike grønsaker. 

Det er tydeleg at mange trivst med å plukke ut grønsaker på eiga hand, og det var umogeleg å ikkje verte frista av det bugnande grønsakstorget. 

Brukt og bytte

BLI KVITT: Linda Natvik ynskja å bli kvitt ting ho ikkje har bruk for lenger. Difor hadde ho stand på Einemolåven laurdag.
BLI KVITT: Linda Natvik ynskja å bli kvitt ting ho ikkje har bruk for lenger. Difor hadde ho stand på Einemolåven laurdag.

På Einemolåven var det og stor aktivitet, der Linda Olsen og Trond Einemo arrangerte bruktmarknad. Her fekk privatpersonar rigga seg til med tinga dei ynskja å selgje, og inntektene frå salet tok dei med seg heim att. 

– Dette er heilt supert! Eg håpar dette vert arrangert fleire gonger, seier Linda Natvik som selde vekk ting ho ikkje lenger hadde bruk for. 

Arrangørane var storfornøgde med laurdagens bruktmarknad, og håpar at dei får gjort dette oftare, då dei merka stor etterspurnad. 

GODT UTVAL: Det stod ikkje på utvalet i Einemolåven laurdag.
GODT UTVAL: Det stod ikkje på utvalet i Einemolåven laurdag.
Til toppen