HEFTIG: Ein rekkje turistar vart fredag vitne til ei spektakulær kalving av Nigardsbreen. Video: Tshering Pande Bhote.

VIDEO

Turistane måpa då Nigardsbreen kalva – sjå video

At breane kalvar er ikkje noko uvanleg syn om somrane. Men i år har Nigardsbreen vore ekstra aktiv, noko ein sherpa sikra videobevis på før helga.

Luster: – I år har det vore voldsomt mykje smelting. Det gir ekstra rørsle i breen, og meir kalving og isras i front, seier dagleg leiar Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag.

Fredag filma ein av guidane deira, Tshering Pande Bhote, at Nigardsbreen kalva. Eit stort stykke is velta ut frå fronten og rasa ned i elva, medan guidar og turistar såg på med ei blanding av skrekk og fascinasjon. 

– Det får vera ei påminning om at folk må vera varsame om dei bevegar seg framom breen, seier Bruheim.

Bilde: Venstre

Les òg: Fryktar bresmeltinga kan øydeleggje for lokalt reiseliv

Vil føra til ekstra krymping

Han får støtte frå Pål Gran Kielland, fagansvarleg ved Norsk Bremuseum, som forklarer kvifor somrane gjer breane ekstra utsette for kalving.

– Når det er varmt, så smeltar isen, og det renn meir vatn ned i sprekker og under breen. Det fungerer som smøring, slik at breen sig fortare. Når breen får meir fart, så er det større fare for ras i front. Om somrane er det heilt vanleg, men jo varmare det er, jo større er faren. Dei som går framfor Nigardsbreen no, må passa på ekstra, seier han.

Den voldsame smeltinga i år kjem på toppen av fleire labre sesongar for breane våre. Berre dei to siste åra har Nigardsbreen gått tilbake 110 meter. Bruheim trur sesongen i år blir enno verre.

– I vinter kom det mindre snø enn vanleg på toppen av breen, målingane viste 70 prosent av eit normalår. Det saman med høge temperaturar og stor smelting betyr at Nigardsbreen vil trekka seg enno meir og fortare tilbake, seier han.

Kan trua turistnæringa

Kielland ved bremuseet seier det ikkje berre er Nigardsbreen som slit. Dei fleste breane i fylket trekkjer seg tilbake, og har gjort det i årevis. 

– Trenden er at den globale oppvarminga held fram og breane minkar. I sommar, når det har vore varmt så lenge, så smeltar dei mykje meir, seier Kielland.

I 2016 hadde Nigardsbreen 60 000 besøkande. Spørsmålet er om aktiviteten kan vera trua av klimaendringane. Enkelte scenario viser at breane i Norge kan vera vekke om 100 år. Turistnæringa i Jostedalen kan bli råka lenge før det.

– Om breen smeltar mykje tilbake, slik at han blir bratt i fronten, så blir me i verste fall  ikkje i stand til å koma inn på isen. Men det er sjølvsagt avhengig av korleis vêret blir i åra framover, seier Bruheim.

Til toppen