KORPS: Unge Andrine Jakobsen ville gjerne vera med veteranane i Årdalstangen Musikklag då dei masjerte i 17. mai toget på tysdag. Foto: Wenche Kulset.
KORPS: Unge Andrine Jakobsen ville gjerne vera med veteranane i Årdalstangen Musikklag då dei masjerte i 17. mai toget på tysdag. Foto: Wenche Kulset. (Foto: Arkiv/Wenche Kulset)

Rekrutterer unge til korps i rekordfart

Sidan januar i år har Årdalstangen Musikklag fått med seg sju born i aspirantkorpset som er i samarbeid med "nye" Tangen Skulemusikk. 

Årdal: Etter fleire år med nedgang i medlemstala registrerte Norges Musikkorps Forbund i fjor ein oppgang i medlemstalet.

I januar hyra Årdalstangen Musikklag inn Ben Hirons som musikalsk leiar for dei unge aspirantane i "nye" Tangen Skulemusikk. Tilsaman er det sju unge, nye medlemmar i korpset på Tangen. 

– Aspirantane våre var ikkje med å masjerte under 17. mai toget i år, men dei var veldig ivrige og aller helst hadde dei lyst å vera med å spela. Diverre er det nok litt for ferske endå, seier Wenche Kulset, leiar i korpset. 

«Bli betre – få det betre»

Medlemstalet i koprs har auka samla i heile Noreg med rundt 1.000, og det er særleg korpsa som har vore med på den fleirårige satsinga «Bli betre – få det betre», som har fått eit oppsving. I desse korpsa har medlemsauken vore så stor som 15 prosent, melder NPK. 

– Gjennom eit toårig prosjekt saman med Norges Musikkorps Forbund har fått me eksterne rettleiarar inn i Årdalstangen Musikklag for å setje søkelys på eigen organisasjon. Resultata syner kva styrker, truslar, svakheitar og moglegheitar me har, forklarar Kulset. 

Unge debutantar. Frå venstre: Andrine, Alex, Marius, Oskar og Morten. Tomine var ikkje til stades då biletet vart tatt. Her saman med Oddgeir Øren, Idar Torskangerpoll og Ben Hirons.
Unge debutantar. Frå venstre: Andrine, Alex, Marius, Oskar og Morten. Tomine var ikkje til stades då biletet vart tatt. Her saman med Oddgeir Øren, Idar Torskangerpoll og Ben Hirons.

Målsetjinga for prosjektet var å bli betre og få eit breiare tilbod innanfor korps. Etter undersøkinga vart det definert ein framtidsvisjon og laga ein handlingsplan. Prosessen vart avslutta ved årsskiftet. 

– Konklusjonen frå arbeidet der ein person var inne i organisasjonen vår i to år var at korpset måtte gå aktivt inn og gjere ein jobb for å få til eit opplæringstilbod for unge, seier Kulset. 

Henta ekspert frå Bergen

På siste halvdel av 90-talet vart skulemusikken på Tangen lagt ned grunna nedgangstider. I 2002 bestemte leiinga seg for å forandre vaksenkorps om til generasjonskorps for å få fleire unge folk inn i korpsmiljøet.

– Me prøvde ulike samarbeidsopplegg med Kulturskulen, utan at det gav nokon suksess. Korpset har eit godt samarbeid med Kulturskulen. Men den manglande suksessen skuldast blant anna at det ikkje har vore tilgjengelige intruktørressursar på messinginstrument i Kulturskulen kombinert med tilsvarande mangel på ressurser i korpset. Samarbeidet med kulturskolen har vore og er godt innanfor dei rammevilkåra Kulturskulen har, forklarar Kulset. 

Dei unge debutantar gjer siste finpuss, saman med Ben, Idar og Oddgeir. 
Dei unge debutantar gjer siste finpuss, saman med Ben, Idar og Oddgeir. 

Då byrja Musikklaget å sjå utanfor kommune- og fylkesgrensene for å finne rett person til jobben. 

– Til slutt fann me Ben Hirons spelar i Eikanger-Bjørsvik Musikklag som Tangen Skulemusikk no har tilsett som musikalsk leiar for denne satsinga. Han bur i Bergen, men kjem hit ein gong i veka for å ha øvingar, forklarar Kulset. 

Hirons har masterutdanning på trompet frå Storbritannia og solist på Facilita, eit virkeleg virtuost stykke.

– Han er ein ypparleg instruktør og musikar. Me får i tillegg støtte av Årdal kommune og Kulturskulen med det praktiske og lønn, seier Kulset. 

Ny oppstart til hausten

Sju born har dei siste fem månadane byrja opp med korps på Tangen Skulemusikk. Når desse kjem i 15-årsalderen blir dei ein del av Årdalstangen Musikklag.

– No har me starta med endå eit nytt rekrutteringstiltak på skulen. Det er ikkje mange som er påmeldte endå, men fristen er ikkje ute. Dette startar opp til hausten, seier Kulset. 

Les også: Slår seg saman for å skape årets konserthøgdepunkt

Musikklaget samarbeidar med rektor på Tangen skule om korleis dei skal få opp talet på korpsmedlemmar. 

– Me har framleis ein lang veg igjen å gå for å bygga opp eit korps frå botn av. Eg ser for meg at det kjem til å ta vertfall to til tre år før me har eit oppegåande skulekorps, seier Kulset. 

Hobby livet ut

Kulset fortel at på vaksensida har det vore stabile medlemstal, men at dei har slite med rekrutteringa blant unge. 

– Korps er ein fantastisk hobby som ein kan ha gjennom heile livet. Ein blir aldri for gammal for å spele i korps. Kanskje ein må gi seg å marsjere på eit tidspunkt, men ein kan sitte å spele i ein stol heilt til dagen ein går i grava, seier Kulset

Les også: Ope brev til 1. mai-komiteen 2016 i Årdal 

Korps har ingen reservebenk og Årdalstangen Musikklag er open for å ta imot alle som ønskjer å spele. 

– Me meiner at lokalmiljøet på Årdalstangen har behov for å ha eit korps. Akkurat no er alderssamansetjinga byrja å bli for høg. Om me har lyst på eit korpsmiljø her på Tangen, så må me rekruttere, seier Kulset. 

I undersøkinga som vart gjort, kom det fram til at Årdalstangen absolutt har eit befolkningsgrunnlag for å ha eit korps med tanke på elevtalet på tettstaden. 

– Det har ingenting med at me er for små eller at dette ikkje er liv laga. Men det er utfordrande økonomisk og det kostar ein del å henta inn ressursar Men me er ein samstemmig korps som vil gjere denne satsinga, avsluttar Kulset. 

Til toppen