VAR PÅ SKULEN: Den tilsette som er sett i karantene, var på jobb fram til den vart varsla av smittevernlege.
VAR PÅ SKULEN: Den tilsette som er sett i karantene, var på jobb fram til den vart varsla av smittevernlege. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

Rektor: – Berre éin tilsett i karantene

Ingen ved barnehagen og skulen er sjuke eller har symptom, ifølgje rektor ved Brekke barnehage og skule, Wenche Dåe. 

Gulen: I samband med smittetilfelle i Masfjorden melde avisa Firda torsdag at fleire tilsetje ved Brekke barnehage og skule er satt i karantene.

Fredag stadfestar einingsleiar Wenche Dåe til Porten.no at det berre er éin som er sett i karantene. 

– Denne tilsette er sett i karantene grunna nærkontakt med den smitta, seier Dåe. 

Dåe stadfestar at personen var på jobb, men reiste i karantene då den vart varsla av smittevernlege. 

Har følgt retningslinjene

Det er 64 elevar på skulen, og 23 ungar i barnehagen.

–  Ingen er sjuke, og ingen har symptom hjå oss. Vi har fulgt retningslinjene våre, seier einingsleiar Dåe til Porten. 

Gulen er ein av 16 kommunar i Vestland fylke som endå ikkje har fått stadfesta tilfelle av koronavirus. 

Til toppen