IKKJE ØNSKJELEG: Rektor ved Lærdalsøyri skule Ivar Fykse seier det er beklageleg at ungdom har opplevd mobbing på skulen. Foto: Sunniva K. Øvstetun.
IKKJE ØNSKJELEG: Rektor ved Lærdalsøyri skule Ivar Fykse seier det er beklageleg at ungdom har opplevd mobbing på skulen. Foto: Sunniva K. Øvstetun. (Foto: Arkiv)

Rektor ved Lærdalsøyri skule: – Saka er beklageleg

– Hendingar som denne jenta opplever er sjølvsagt ikkje ønskjelege, seier Ivar Fykse.

Måndag kunne Porten.no fortelja om 16 år gamle Julie, som opplevde mobbing på Lærdalsøyri skule utan at noko vart gjort. 

Rektor ved Lærdalsøyri skule, Ivar Fykse, ynskjer ikkje å kommentere enkeltsaker, men understrekar at saker som dette er beklageleg.

– Hendingar som denne jenta opplever er sjølvsagt ikkje ønskjelege. Det er ikkje sånn det skal vere, og eg håpar ikkje det er fleire elevar som opplever dette.

– Når slike saker kjem opp, har me eit juridisk ansvar jamfør opplæringslova paragraf 9a, og me prøver så godt me kan å følgje denne lova. Me jobbar konkret og strategisk mot mobbing og har difor ein handlingsplan mot mobbing som me følgjer. 

Ikkje uventa tal

Leiar ved kultur og oppvekst i Lærdal Torunn Liltved seier til Porten.no at ho tykkjer saka om Julie er trist, men at mobbing er noko som vert tatt svært seriøst.

TRIST: Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst i Lærdal kommune synest Julie-saka er trist.
TRIST: Torunn Liltved, leiar for kultur og oppvekst i Lærdal kommune synest Julie-saka er trist.

– Me følgjer godt med på dei tala som kjem fram av elevundersøkingane, og desse syner diverre at me har hatt høge mobbetal over fleire år. Tala er no lagt fram for kommunestyret i tilstandsrapporten, og det er klart at desse tala er altfor høge. 

Tidlegare i år vedtok Lærdal kommune ein handlingsplan mot mobbing for alle grunnskulane i kommunen. Handlingsplanen er godt kjend og gjennomarbeida, og både elevrådet og foreldrerådets arbeidsutval (FAU) har hatt sitt å seie.

I planen kan ein finne førebyggjande tiltak og prosedyrar for kva som skal skje i konkrete mobbesaker.

Set fokus på førebygging

– Me har mellom anna byrja med godt og systematisk vakthald. Det vil seie at lærarane går med gule vestar og er synlege i friminutta og frisituasjonar elles, seier Liltved.

Det har og vorte sett i gong ei rekkje trivselstiltak. Ulike kampanjar for å setje fokus på korleis ein skal vere mot andre, klassereglar, felles handheving av reglane blant lærarar, reglar for mobilbruk og familiegrupper er døme på desse tiltaka.

– Det er nok av tiltak, og eg trur at det med førebygging og skaping av eit godt klassemiljø med tydelege leiarar i lærarane er heilt avgjerande.

Klar retningslinjer

Dersom ein tilsett ved skulen vert varsla om mobbing, eller får mistanke om dette, skal vedkommande ta kontakt med rektor. Dette går fram av handlingsplanen mot mobbing som kommune vedtok i vår.

Deretter skal det setjast i gang undersøkingar og observasjonar for å skaffe meir informasjon. Det skal òg gjennomførast samtalar med alle involverte partar og føresette.

– Skulen har eit veldig tydeleg ansvar, og lærarar som får beskjed om mobbing skal gå til rektor. Kontaktlærar vert eit naturleg bindeledd mellom eleven og skulen, og kontaktlærar har difor eit spesielt ansvar. 

I nokre samanhengar vert det naudsynt å gjere eit skriftleg vedtak som  mobbeoffer og pårørande kan klage på dersom dei ikkje er nøgde. Det skal verte gjort innan 30 dagar etter mistanken om mobbing har kome fram.

– Dette er viktig for å få ting til å skje. Det er viktig for både den som vert utsett for mobbinga og pårørande å sjå at noko vert gjort.

Beredskapsteam mot mobbing

Noko av det Lærdal kommune no gjer for å minske mobbing er at dei skal delta i noko som vert kalla for beredskapsteam mot mobbing. 

Det er eit samarbeidsprosjekt mellom Foreldreutvalet for grunnskulen og Kommunens sentralforbund.

Det vil resultere i ei kompetanseoppbygging som gjer at ei tverrfagleg gruppe kan vere med og hjelpe til i vanskelege mobbesaker. Her vil òg PPT og helsetenesta verte tatt med.

Til toppen