NØGD: Rektor ved Aurland barne- og ungdomsskule, Ingrid Steine Bortne (t.h), er glad for regjeringa sitt tiltak. Her overraskar ho og skulesekreter Gerd Irene T. Thy elevane med gløgg og peparkaker ein torsdags morgon seint i november. Det var ein gledesdugnad som organisasjonen MOT hadde teke initiativ til.
NØGD: Rektor ved Aurland barne- og ungdomsskule, Ingrid Steine Bortne (t.h), er glad for regjeringa sitt tiltak. Her overraskar ho og skulesekreter Gerd Irene T. Thy elevane med gløgg og peparkaker ein torsdags morgon seint i november. Det var ein gledesdugnad som organisasjonen MOT hadde teke initiativ til. ( )

Rektoren er glad for at regjeringa innfører mobbeombod i alle fylke

Sjølve jobbar dei aktivt førebyggjande mot mobbing på Aurland barne- og ungdomsskule. Kjem det likevel melding om mobbing, reagerer dei med det same.

Aurland: – Det er kjempepositivt og veldig viktig, seier rektor ved Aurland barne- og ungdomsskule, Ingrid Steine Bortne, om tiltaket til regjeringa.  

For å styrka det lokale arbeidet mot mobbing i skular og barnehagar, innfører regjeringa frå hausten 2018 ei ordning med mobbeombod i alle fylke. 

Bortne håpar skulane i fylket får koma med gode innspel til korleis ordninga kan etablerast og håpar ombodet vil føra til mindre mobbing. 

I dag er det alt fem fylke som har mobbeombod, men Sogn og Fjordane er ikkje blant dei. Frå og med neste haust vil derimot ordninga koma på plass over heile landet. Det er fylkeskommunane og staten som skal finansiere ordninga.

Ein reportasje i NRK tidlegare i år synte at ikkje alle skular alltid har hatt like lett for å  handla når mobbing har kome fram i lyset. 

– Med eigne ombod i fylka gjer me vegen til hjelp kortare for mobbeoffer og familiane deira, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Nulltoleranse for mobbing i Aurland

Kunnskapsministeren seier at det skal vera rom for lokale tilpassingar, sjølv om ordninga skal vera nasjonal. 

– Fylka har gode føresetnader for å finne gode lokale løysingar ved å mobilisere nettverka sine, seier han.

SMÅ GLEDER I KVARDAGEN: Ein uventa, men særs gledeleg aktivitet før skuledagen vart ringd inn og travle skuletimar skulle gjennomførast. Mange elevar kunne starte denne torsdagen med eit stort og godt gløgg-smil, skriv Aurland skule på heimesida si. 
SMÅ GLEDER I KVARDAGEN: Ein uventa, men særs gledeleg aktivitet før skuledagen vart ringd inn og travle skuletimar skulle gjennomførast. Mange elevar kunne starte denne torsdagen med eit stort og godt gløgg-smil, skriv Aurland skule på heimesida si.  Bilde:Atle Vetti, Aurland skule

I Aurland fortel rektor Bortne at dei samarbeider med organisasjonen MOT om å driva aktiv førebygging mot mobbing i ungdomsskulen. Skulen har òg samarbeidd godt med politiet i Aurland for å motverka og førebyggja digital mobbing, kan ho opplysa.

– Me har nulltoleranse og me har skrive under eit manifest mot mobbing. Men me kan ikkje seia at me alltid er hundre prosent mobbefrie, seier ho.

Ho seier dei heldigvis ikkje har hatt noko mobbesak i Aurland i haust, men at dei aldri kan vera sikre på at det ikkje dukkar opp ei eller to til neste år. Difor meiner ho det er veldig viktig å heile tida gjera det ein kan for å motverka og førebyggja mobbing.  

Like fullt seier ho det aller viktigaste er å alltid ta tak i mobbing so snart ho vert oppdaga. 

– Me får foreldra på banen med ein gong om det er ei mobbesak. Då har me kjapp respons og legg alt anna vekk. For dette handlar om sjølve «arbeidsmiljølova» til elevane, seier ho. 

Når ein tek kvar einskilde mobbesak på alvor, trur Bortne det òg er med på å motverka at fleire mobbesaker bryt ut.

Til sjuande og sist er det trivsel det handlar om: 

– Og om du ikkje trivst er det umogleg å få til ei god læring. Trivsel må liggja i botn, seier Bortne. 

Til toppen