Sogndal/Bergen: – Me har nådd ein ny milepæl i HVL, og er fleire steg nærare å bli eit universitet, sier rektor Berit Rokne til eigne nettsider.
Onsdag vart det kjent at Høgskulen på Vestlandet har fått godkjend ein ny doktorgrad innan helse.
I tillegg har dei fått tilsegn på opprettinga av èin til innan bærekraftig innovasjon. Alt Høgskulen treng å gjera er å tilsetta minst èin ny professor til studiet innan 6. februar 2020, så er den femte doktorgraden i boks.
– Nå er grunnlaget langt på veg lagt for å etablera det nye universitetet på Vestlandet, som blir eit profesjonsretta og arbeidslivsretta universitet, seier Rokne til hvl.no
Ho fortel at arbeidet med sjølve universitetssøknaden går for full. Målet er å få statusen innen 2023. Som med doktorgradane er det NOKUT som står for godkjenninga.