POPULÆRT: Sogndal Folkehøgskule har linjer innanfor ulike typar av friluftsliv, idrett og foto; her er elevar frå skulen på toppen av Togga i Sogndalsdalen. Foto: Sogndal Folkehøgskulen
POPULÆRT: Sogndal Folkehøgskule har linjer innanfor ulike typar av friluftsliv, idrett og foto; her er elevar frå skulen på toppen av Togga i Sogndalsdalen. Foto: Sogndal Folkehøgskulen

Rektoren jublar for auke i tal søkjarar til folkehøgskulen

Rektoren jublar over 16 prosent auke i tal på søkjarar og 59 prosent auke i talet på søkjarar som har takka ja til plass ved folkehøgskulen. Han gir Bratt Moro ein del av æra for den store populariteten.

Sogndal: – Me hadde all time-high inneverande skuleår med 92 elevar, og no blir det enno meir neste år. det Det som er spesielt er at me klarar å auka talet på dei som har takka ja til plass såpass mykje, seier rektor Ole Karsten Birkeland. 

AUKE: 16 prosent fleire søkjarar og 59 prosent auke i talet på søkjarar som har sagt ja til skuleplass komande skuleår er fasit for Sogndal Folkehøgskule.
AUKE: 16 prosent fleire søkjarar og 59 prosent auke i talet på søkjarar som har sagt ja til skuleplass komande skuleår er fasit for Sogndal Folkehøgskule.

Trenden på landsbasis er at folkehøgskule blir meir og meir populært; per 1. mars er det allereie over 4700 elever som har takka ja til ein plass på folkehøgskule neste haust. Det er nesten fire prosent fleire enn på same tidspunkt i fjor, som då var det høgaste talet noko sinne.

100 elevar og fullt utnytta kapasitet komande skuleår

Men auken på landsbasis er småtteri i høve auken på Sogndal Folkehøgskule; 16 prosent auke i talet på søkjarar, og 59 prosent auke i talet på søkjarar som har takka ja til plass i høve i fjor gjer rektor Birkeland svært nøgd

– Kor mange elevar det blir her når skulen startar 27. august er vanskeleg å seia, men me har eit mål om å vera rundt 100 elevar då. 

Og då er eigentleg skulen full; Sogndal Folkehøgskule får statsstøtte for 80 elevar, men har ein kapasitet på rundt 100.

Artikkelen held fram under biletet

SKI: At Sogndal, først og fremst gjennom arbeidet Bratt Moro har gjort, har fått ei merkevare som skidestinasjon er noko folkehøgskulen ser ut til å nyta godt av.
SKI: At Sogndal, først og fremst gjennom arbeidet Bratt Moro har gjort, har fått ei merkevare som skidestinasjon er noko folkehøgskulen ser ut til å nyta godt av.

Friluftsliv og ski og klatring er særs populære linjer

Birkeland fortel det er to linjer som skil seg ut:

NØGD: Rektor Ole Karstein Birkeland, her på Storen, kan gleda seg over søkjartal som stadig når nye høgder.
NØGD: Rektor Ole Karstein Birkeland, her på Storen, kan gleda seg over søkjartal som stadig når nye høgder.

– Både på friluftsliv og ski og klatring har me rundt hundre prosent auke. Vanlegvis har me teke inn femten elevar på friluftsliv i ei klasse, komande skuleår blir det 31 elevar fordelt på to klassar som har takka ja til plass. Og fleire enn det kan me ikkje ta inn.

 Dei andre linjene på skulen er sykkel og ski, idrett, fotoreise og fotodesign.

At Sogndal har vorte ein populær stad for friluftslivsinteresserte meiner rektoren har mykje å seia for interessa.

– Det vil eg seia er ein heilt naturleg samanheng; Sogndal har vore eit merkvarenamn når det gjeld fotball i lengre tid, og har dei siste åra også bygd seg opp på ski og friluftsliv. Så at me lever godt av arbeidet Bratt Moro har gjort er heilt klart.

Til toppen