UROA REKTOR: Rektor Ole Karsten Birkeland ved Sogndal folkehøgskule er uroa over dei føreslåtte kutta til regjeringa.
UROA REKTOR: Rektor Ole Karsten Birkeland ved Sogndal folkehøgskule er uroa over dei føreslåtte kutta til regjeringa. (Bilde: Privat)

Rektoren om kutta i folkehøgskulane: – Dramatisk 

I Sogndal må dei vurdere å redusere eller kutte stillingar dersom folkehøgskulane vert kutta med 45 millionar kroner som føreslått i statsbudsjettet for 2018.

Sogndal: – For folkehøgskulane er det dramatisk når det blir kutta 45 millionar i eit skuleslag som er populært som aldri før, seier Ole Karsten Birkeland, rektor ved Sogndal folkehøgskule.

Han seier kutta vil kunne gå utover kvaliteten på skulen og at dei no må sjå på organiseringa.

– Det kan bli kutt eller reduksjon i stillingar, seier Birkeland.

Elevane mistar studiestøtte

Folkehøgskulen har hatt melom ti og tjue prosent auke i elevtalet dei siste åra. I dag er dei 93 elevar og 16 tilsette.

Storleiken på kutta er basert på følgande reknestykke frå folkehogskole.no: Dei føreslåtte kutta i statstøtta utgjer 25 millionar, kutta i studiestøtta til elevane utgjer 11 millionar, medan 9 millionar manglar fordi regjeringa ikkje tek høgde for veksta i elevtalet.

Rektoren trur kutta i studiestøtta kan sette elevtala framover under press:

Har viktig funksjon

– Det er klart at det vil påverke dei vala elevane gjer når dei skal søke skule, det kan bety at fleire av elevane må ta opp lån. Ein fare er at det kan bli ein eliteskule for elevar med rike foreldre og ikkje ein skule for alle, seier Birkeland.

Rektoren meiner folkehøgskulane utfyller ein viktig funksjon i samfunnet, som fortener oppbacking.

– Ungdom som slit i den vanlege skulen kan komme til oss og få eit danningsår, som dei får stor nytte av seinare, seier han.

Til toppen