Rektoren ser fram til opning av nytt skulebygg

Etter seks år og 450 millionar kroner er Sogndal vidaregåande skule endeleg samla under eitt tak på Campus. Sjå bileta frå det siste tilskotet!

Sogndal: Den 10. januar overtek Sogndal vidaregåande skule lokala som skal huse allmenn og restaurant- og matfag. Porten.no har vore så heldige å få ei omvising av rektor Marta Sofie Vange før opninga.

– Det blir prøvedrift først og så vil me flytta gradvis inn. I slutten av mars er planen at heile skulen skal vera i bruk, seier ho.

Les også: Her skulkar elevane i protest mot ny fråværsregel

Vange vart rektor for skulen i 2005. Då fanst planane om nybygging knapt på papiret. I 2011 flytta yrkesfag og fellesfunksjonar som bibliotek og administrasjon inn i nye og flotte lokale til den nette sum av 350 millionar kroner.

På grunn av den pressa økonomien i fylkeskommunen stod byggjetrinn to lengje i fare. Men no, seks år seinare, blir tanken om å samle heile skulen under eitt tak endeleg fullført. Prislapp: 100 millionar.

– Det skal bli veldig godt. Sjølv om me er glade i det gamle gymnasbygget, så ser me veldig fram til å bli èin skule og at alle blir samla. Ikkje minst det å få fire flotte laboratorium og store gode klasserom skal bli veldig godt. Det er noko me ser skikkeleg fram til, Vange. 

Ein pluss ser ho med at fylkeskommunen i si tid valde å utsette siste steg i utbygginga. I mellomtida har skulen nemleg fått tilført restaurant- og matfag.

– No har me fått bygd eit flott og godt utstyrt kjøkken til dei òg, så no er me godt rusta for ni forskjellige programområde, seier rektoren.

– No er skulen slik han skal vere. Det skal bli godt å bli ferdig, seier ho.

Til toppen