ALTFOR RIMELEGE: Det viser seg at mange av kontraktane til RenoNorden har vore langt billigare enn konkurrentane – altfor billige. Det er det fleire som burde ha reagert på, seier konsernsjefen.
ALTFOR RIMELEGE: Det viser seg at mange av kontraktane til RenoNorden har vore langt billigare enn konkurrentane – altfor billige. Det er det fleire som burde ha reagert på, seier konsernsjefen. (Bilde: RenoNorden)

Renonorden-sjefen: Kontraktstilbod 90 prosent lågare enn konkurrentane

Dersom norske kommunar berre legg vekt på pris i anbodskonkurransar, blir resultatet ein nedovergåande prisspiral som ingen er tent med, åtvarar Norsk Industri.

Kaupanger: Onsdag kveld vart det kjent at den tidlegare leiinga i Renonorden, som gjekk konkurs denne veka, gav kommunane pristilbod som var opp mot 90 prosent lågare enn konkurrentane. Det burde vore oppdaga, meiner konsernsjefen.

– Vi såg i fjor vår, då vi vart klar over dette, at den tidlegare leiinga hadde inngått kontraktar på ein stad mellom 25 og opp på det verste 90 prosents prisdifferanse til nummer to og tre, seier konsernsjef Harald Rafdal til NRK.

Norsk Industris toppsjef Stein Lier-Hansen åtvarar mot eit einsidig prisfokus i anbodskonkurransar.

– Dersom kommunane berre vektlegg pris i anbodskonkurransane, blir resultatet ein nedovergåande prisspiral som ingen er tent med, seier han.

Reagerer

Lier-Hansen understrekar at Norsk Industri til liks med fagrørsla er opptatt av gode arbeidsvilkår i bransjen, og at tariffavtalar blir følgde.

– Her har også kommunane eit ansvar for å sikre berekraft i bransjen. Det blir verken innovasjon eller lønsemd av at kommunane berre skal ha lågaste pris, seier han.

Lier-Hansen er samtidig oppgitt over at Renonordens konkurs blir brukt til å utfordre bruken av private leverandørar i attvinningsbransjen.

– Det kan ikkje vere slik at éin konkurs skal føre til at det offentlege skal ta over ansvaret for ein heil sektor, seier han.

SV og Raudt har tatt til orde for at Renonordens konkurs må føre til stans i all privatisering av renovasjon.

– Burde ringt nokre bjøller

Konsernsjef Rafdal i Renonorden kom til selskapet i fjor vår. Han skjønte at noko var alvorleg gale allereie etter eit par veker i jobben. Han er krystallklar på at han meiner den massive feilprisinga burde vore oppdaga for lenge sidan.

– Det burde vore oppdaga av mange partar som har vore involvert. Eg synest det er svært leit at det ikkje vart stoppa tidlegare, seier han og meiner det burde ringt nokre bjøller også i kommunane.

– Ja, eg vil seie at når det er så store prisdifferansar, så kviler det også på kjøpar å kanskje gjere nokre ekstra undersøkingar, seier han.

Pengane har runne ut av selskapet, og så seint som i jula i fjor måtte eigarane bidra. Ein av dei var Rafdal, som sjølv spytta inn 1 million kroner – pengar han konstaterer er tapt i dag. Rafdal meiner eigarane ikkje føler seg lurt, men seier dei er skuffa, på lik linje med leiinga.

Har subsidiert hushalda

Heile 134 kommunar blir ramma av konkursen i avfallsselskapet. Styreleiar Helge Fjellanger i Nordhordland og Gulen interkommunale renovasjonsselskap (NGIR) er ikkje i tvil om at Renonorden prisa seg altfor lågt då dei tok over søppelkøyringa i området deira.

– I realiteten har Renonorden subsidiert hushalda i vårt område med rundt 50 millionar kroner, seier Fjellanger til Bergens Tidende.

Fleire av dei tilsette i Renonorden fekk ikkje utbetalt lønn på lønningsdagen onsdag, to dagar etter at selskapet vart slått konkurs. Ifølgje NRK håpar bustyrar Tom Hugo Ottesen at dei klarer å betale lønn til alle etter kvart.

Buet legg no til rette for at verksemda fortset og at avfall blir henta til og med torsdag 28. september. DNB og Danske Bank har garantert for drifta fram til denne datoen.

(©NPK)

Til toppen