KONKURS: RenoNorden, som hentar søppel i alle sognekommunar utanom Årdal, er slått konkurs. Det kan få konsekvensar for innhentinga av søppel i Sogn.
KONKURS: RenoNorden, som hentar søppel i alle sognekommunar utanom Årdal, er slått konkurs. Det kan få konsekvensar for innhentinga av søppel i Sogn. (Bilde: RenoNorden)

Renovasjonsselskap slått konkurs: – Kan medføra utfordringar for innhenting av avfall i Sogn

Måndag kveld kom meldinga om at Nordens største renovasjonsselskap, RenoNorden, har slått seg konkurs. Det får betydning for kundar i Sogn.

Kaupanger: Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap (Simas) har kontrakt med selskapet, noko som betyr at alle kommunar i Sogn med unntak av Årdal vert råka av at selskapet har slått seg sjølv konkurs. 

RenoNorden har stått for inntransport av avfall frå hushaldningar og næringsaktørar i heile Simas-regionen. 

– Konkursen kan medføra utfordringar for innhenting av avfall, og det kan bli ein krevjande periode før me har alternativ løysing på plass. Konkursbuet kan tre inn i kontrakten som Simas har hatt med RenoNorden, seier direktør Hallvard Thomassen i ei pressemelding.

Var budde på konkurs

I børsmeldinga skriv RenoNorden at dei 6. september gjekk i nye forhandlingar for å kvitte seg med ulønsame kontraktar som var inngått i 2015 og byrjinga av 2016, noko dei ikkje har lykkast med.

– Desse signala visste me om allereie i vår og sommar. Me har diskutert dette i styret i fleire omgangar og laga rammer for korleis me skal gjera det viss det blir konkurs, og no skjedde det, seier styreleiar i Simas, Jøril Hovland, til Porten.no.

– Me veit ikkje heilt kva grep me kan gjera fordi det er avhengig av konkursbuet, det vil seie bilar og tilsette, og korleis dei handterer det. Me har sett ned krisestab og jobbar med å finna løysingar.

– Ikkje få panikk

Styreleiaren legg til at dei har forsøkt å sjå føre seg potensielle andre selskap, men ikkje kome i mål.

– Me håpar og trur at det ikkje blir napoleanske tilstandar.

Thomassen seier dei har jobba med ei kriseløysing, men at dei no treng å samarbeide med konkursbuet eller andre aktørar om å få på plass ei løysing, og at målet er å få gjort det så raskt som råd.

I mellomtida ber styreleiaren innbyggjarane om ikkje å få panikk.

– Å kjeldesortera endå betre enn før er viktig, og folk må nytta bringeordningane. Dei står der dei skal stå.

Til toppen