REGN: Det vil kome mykje nedbør frå tysdag og over til onsdag. Dette gjer at NVE har heva faren for flaum og skred til gult nivå. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. 
REGN: Det vil kome mykje nedbør frå tysdag og over til onsdag. Dette gjer at NVE har heva faren for flaum og skred til gult nivå. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. 

Restar av tropisk storm gir mykje nedbør

Vêrvarslinga har sendt ut obs-varsel for heile Vestlandet. 

Sogn: Verst vil det går ut over kysten, der det er venta full storm tysdag. Stormen har fått namnet Karl etter det kraftige uvêret som råka amerikanarane i førre veke.

Lågtrykket har no jobba seg over Atlanterhavet og nærmar seg Vestlandet, som vil få ein del vind og ikkje minst nedbør. 

Meteorologisk institutt har no sendt ut obs-varsel for kommunane i Sogn også. Det ser ikkje ut til at det blir voldsomt med vind i låglandet, men enkelte stader kan det koma mykje nedbør, lokalt mellom 70 og 100 millimeter.

Det betyr at NVE har heva både flaum- og skredvarselet til gult nivå. Mest utsett for flaum er indre og midtre strok. 

Når det gjeld faren for jordskred, vil den vere størst natt til onsdag og onsdag føremiddag, der dei største nedbørsmengdene fell. Når nedbøren har passert onsdag, vil skredfaren raskt avta. 

Til toppen