Sogndal: – Det er heilt forferdeleg. No har me endeleg fått eit heilt nytt og fint kjøkken og så blir det kanskje ikkje noko andre klasse, seier ein av faglærarane på restaurant- og matfag Erna Hamrum.
Etter å ha brukt det gamle bygget på Sogndal VGS i mange år til matlaging, er det berre eitt år sidan dei byrja å bruke det nye kjøkkenet. No vurderer fylkespolitikarane å leggja ned andre klassen på skulen
Låge søkartal
Årsaka er låge søkartal over lenger tid. Noko som kan resultera i at elevane må reisa til anten Førde eller Måløy for å fullføra utdanninga.
– For oss er det viktig å ha ei andreklasse her på skulen. Når elevane søker her så har dei lyst å avslutta på same skule, seier Hamrum.
Ho fortel vidare at når elevane skjønner at dei må gå ein annan plass det siste året, vel dei heller noko anna.
– Dei fleste ungane no er ikkje så bevisste på yrkesvalet sitt. Dei treng ikkje absolutt å vera på ei spesiell linje, men vil heller vera der vennane er.
Motforslag
Hamrum forstår tilrådinga ut frå det lave søkartalet.
– Det blir veldig dyrt viss ein skal setja i gang mange klassar med 3 til 5 elevar, men det er viktig å ha begge klassane her, seier ho.
Derfor har lærarane på avdelinga har kome med eit motforslag for å kunne behalda andreklassen.
– Me har tilbudt at me kan ha dei samen med VG1 klassen. Og så kan ein køyra dei saman med andre klassar i fellesfaga. Det skal ikkje vera så dyrt for skulen og fylket.
– Denne saka er ikkje avgjort endå ogmei håpar for elevane sin del og framtidige søkarar at dei får fullføra her.