NEDGANG: 2019 var eit ‹overgangsår», ifølgje Fjord1.
NEDGANG: 2019 var eit ‹overgangsår», ifølgje Fjord1. (Foto: Pressefoto/Fjord1)

Resultatet gjekk ned med 300 millionar for Fjord1

Store investeringar i blant anna el-ferjer er årsaka til nedgangen, ifølgje selskapet

Næringsliv: Resultatet til Fjord1 etter skatt kom på 215 millionar kroner i 2019. Det er ned frå 540 millionar kroner i 2018. Dei samla driftsinntektene i 2019 var på 2 724 millionar, noko som er ein nedgang på 12 prosent, skriv Fjord1 i ei pressemelding. 

Bakgrunnen for nedgangen i driftsinntektene er ein endra kontraktsportefølgje. I tillegg har selskapet gjort store investeringar i fartøy, ombygging av fartøy og infrastruktur i fjor, for samla sett 2 399 millionar kroner. 

–  2019 var eit «overgangsår» med endringar i kontraktporteføljen, store investeringar og tilrettelegging for oppstart av seks nye kontraktar 01.01.2020. Fjord1 leverer også i år eit sterkt resultat i eit år prega av store endringar og særs høg aktivitet, dette er vi godt nøgd med, seier dagleg leiar Dagfinn Neteland i pressemeldinga. 

Selskapet har i løpet av 2019 starta opp tre heilelektriske samband. Per i dag har det sju heilelektriske ferjer, og talet skal auke til 29 innan utgangen av 2020. Ifølgje Fjord1 har det vore ein tidkrevjande prosess på utvikle teknologien og byggje ut ladesystem for dette, men dei kan i dag dokumentere at teknologien fungerer i tråd med føresetnadene, ifølgje pressemeldinga. 

Les òg: – Autopass på ferje er fordyrande for idretten

 
Til toppen