BRA SPELEMESSIG: Det var ein spelemessig god kamp for Årdølene, då dei møtte Hauerseter laurdag. Foto: Andreas Aannevik
BRA SPELEMESSIG: Det var ein spelemessig god kamp for Årdølene, då dei møtte Hauerseter laurdag. Foto: Andreas Aannevik

– Resultatet står ikkje heilt i stil med kampen

Hauerseter - Årdal 

Det fyrste kvarteret var prega av sjansar for Årdølene. 14 minutt ut i kampen utliknar Martin Siversten etter innlegg frå venstresida. Den neste halvtimen kjem sjansane frå begge lag. 

Laga går til pause med stillinga 1-0 til heimelaget.

Etter vel ein time kjem scoringa for Årdølene, då Truls Hovland scora etter løp. 

71 minutt ut i kampen sett Timmy Tablå ballen i mål for Hauerseter. 12 minutt etter kjem det nok ein scoring frå heimelaget. Ein scoring som fleire oppfattar som offside. 

Tre minutt på overtid raknar det for Årdal, og heimelaget scorar ved Petter Lunde Håvang. Like før slutt sett Hauerseter ballen i målet, og kampen enda 5-1. 

Spelte godt

Trenar for Årdal FK, Ivan Øy, seier at sluttresultatet står ikkje heilt i stil med kampen.

– Det skjer ein del omrokkeringar som gjer at me får folk på uvante plassar. Noko som fører til at laget raknar litt til tider. Det var ein veldig god kamp spelemessig frå Årdal. Dette er litt tungt for spelarane som legg ned ein så god innsats. 

 

 

Til toppen