INGEN RESULTAT: Natt til onsdag er det ikkje gjort funn av den sakna 37-åringen som forsvann i området rundt Haukåsen måndag ettermiddag. Foto: Halvor Farsun Storvik.
INGEN RESULTAT: Natt til onsdag er det ikkje gjort funn av den sakna 37-åringen som forsvann i området rundt Haukåsen måndag ettermiddag. Foto: Halvor Farsun Storvik.

Resultatlaust søk i natt

Søket etter den 37 år gamle mannen som er sakna på Haukåsen, held fram onsdag.

Haukåsen: Heller ikkje i natt lykkast leitemannskapet å finne 37-åringen som har vore sakna sidan måndag ettermiddag då han kom vekk frå turfølgjet sitt.

– Det er ikkje gjort noko funn. Me startar opp att i dag, mannskapet er byrja å koma på plass, så me skal søkje i dag også, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt Per Rimmen. 

– I natt har me i utgangspunktet hatt lyttepostar ute. Det er ikkje så mykje ein får gjort i mørkret. Me har ikkje ubegrensa med mannskap, og forholda er best på dagtid, men me har ikkje forlete området, legg han til. 

Disponerer mannskapet

Store styrkar var i aksjon tysdag, og så mange frivillige meldte seg til teneste at politiet måtte gå ut på Twitter og seie at dei ikkje hadde behov for fleire. Utover dagen skal dei vurdere behovet.

– Dette må eg undersøkja med innsatsleiar, men me har ikkje noko tidsgrense for når søket skal avsluttast, så det kan vere greitt ikkje å bruke alt og alle på ein gong.

Mannen, som ifølgje NRK er pasient ved Melås Helse, var på tur saman med to tilsette og nokre andre frå institusjonen måndag. Dette var noko dei hadde gjort fleire gonger, og det var då dei skulle gå tilbake til bilen, og mannen, som gjekk bakarst, hadde stoppa opp. Då dei tilsette snudde seg, var han vekke.

Til å byrje med leitte personane etter han sjølv før dei etter kvart måtte melde han sakna til politiet rundt 21.00.

Utfordrande terreng

Området har ein del skogsvegar og stigar, og det er eit ganske bratt og utigljengeleg område frå flyplassen og ned til fjorden med snø i høgda. Dette gjer det utfordrande for leitemannskapet. 

I tillegg har det vore veldig varmt dei siste dagane, noko som betyr at leitemannskapet treng hyppigare pausar.

– Men for den den sakna, som er kledd i shorts, er det bra at det er god varme, men i natt var det kjølig med berre nokre få plussgrader, sa innsatsleiar Svein Inge Harberg til Porten.no tysdag.

Til toppen