SHOW: Kjendishypnotisør Torgrim Holte og Toni Simon på scena på Svalheim gard fredag kveld. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
SHOW: Kjendishypnotisør Torgrim Holte og Toni Simon på scena på Svalheim gard fredag kveld. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Rett etterpå fekk ikkje Toni høgrefoten av flekken

Kjendishypnotisør Torgrim Holte fekk i gang diskusjonane på Svalheim Gard med sitt hypnoseshow. Sjå video av at høgrefoten til ein av dei friviljuge, Toni Simon, «sit fast» i golvet.

Årdal: – No må du ikkje få meg til å bli Rod Stewart. Eller noko anna fælt, ler Kjell Elvis og får eit djupt blikk av hypnotisør Torgrim Holte.

Dei to pratar laust før fredagens sceneunderhaldning på Svalheim gard under Nasjonalparkfestivalen. Årdølene er trege med å dra seg ut, så hypnoseshowet til Holte blir skyvd litt på.

– Eg gjer vanlegvis ikkje slike opne show, seier Holte.

Artikkelen held fram under biletet

IKKJE ROD STEWART: Kjell Elvis (til høgre, om det skulle vera tvil) vil ikkje at Holte skal få han til å syngja Rod Stewart under den påfølgjande konserten.
IKKJE ROD STEWART: Kjell Elvis (til høgre, om det skulle vera tvil) vil ikkje at Holte skal få han til å syngja Rod Stewart under den påfølgjande konserten.

– Her på bygda er det hyggelege folk

Han vart kjend som «TV-hynotisør» med hypnoseprogramma sine «Hjelp, jeg er hypnotisert» og «Over grensen» på TV2 tidleg på 2000-talet. No bur han i Spania og køyrer først og fremst hypnoseshow for bedriftssegmentet.

– Men du gjer eit ope show i Årdal i dag. Kvifor?

– Eg hadde eit show på Sitla hotell for tjuefem år sidan. Så eg ville tilbake. Årdal var kjekt. Så jobba eg ein del på Lærdalsøyri i gamla dagar, på sommaren på ein pub der. 

– Er det greitt? Er det greitt? Kan eg ta bilete? spør ein festivaldeltakar og viftar med mobilen.

– Ja ja, ver så god, seier Holte og Kjell Elvis samstemt.

– Jøss, spør om å ta bilete og greier. Hyggelege folk, konkluderer Holte.

– Det verste er dei der som står heilt oppi deg på trikken i Oslo og seier: «hypnose-hypnose». Eller «Elvis, Elvis».

– Ja, «åo-ho-ho», samstemmer Kjell Henning Bjørnestad, alias Kjell Elvis, og legg an Elvis-stemma si.

– Dei der manglar eit gen. Her på bygda er det hyggelege folk. Og eg trur dei set meir pris på det når me kjem med slik underhaldning her, held Holte fram.

Artikkelen held fram under biletet

FRIVILJUGE: Det var ikkje noko problem for Holte å få dei tolv friviljuge han trong til showet opp på scena.
FRIVILJUGE: Det var ikkje noko problem for Holte å få dei tolv friviljuge han trong til showet opp på scena.

Målet er at seksti prosent skal tru på han og førti prosent ikkje trur: – Då er diskusjonen i gang

Han driv med underhaldning. Av det mystiske slaget, sådan. Det påtrengande spørsmålet blir så klart kva hypnose er. 

– Hypnose tyder søvn, og er noko alle opplever, eigentleg. Sjølvhypnose. Ein køyrer tre-fire kilometer utan å vera med. Då er det venstre hjernehalvdel som køyrer bil medan høgre tenkjer. Eller du treffer ein på gata du ikkje hugsar namnet på. Så, ti minuttar etter kjem du på det, seier Holte, og held fram: 

– Det er fordi det er ein muskel mellom venstre og høgre hjernehalvdel som heiter Corpus Callosum. Den kan gjera at hjernehalvdelane ikkje fungerer saman. Så eg legg eigentleg inn ein loop i venstre hjernehalvdel ved å snakka roleg, monotont og repetativt til dei, som held den oppteken. Då kan eg byrja å koma med framlegg til kva dei kan gjera eller oppfatta.

– Er det nokon som ikkje er mottakelege?

– Det er alltid nokon som ikkje er mottakelege. Eg tek alltid ein del folk opp på scena; her er ikkje noko avtala på førehand; eg vil ikkje snakka med nokon som skal på scena. Så tek eg mest yngre folk, ikkje så mykje eldre. Dei byrjar gjerne å analysera vel mykje; «kvifor seier han det», og så vidare. Målet mitt når eg går av scena er at seksti prosent trur på det og førti trur ikkje på det. Så har du diskusjonen gåande.

Artikkelen held fram under biletet

KOSA SEG: Årdølene kom seint, men godt.
KOSA SEG: Årdølene kom seint, men godt.

– Halvparten er han og halvparten er deg sjølv

Etter kvart kjem årdølene til Svalheim gard og fyller opp bord og benkjer framfor scena. Holte kjem på i si karakteristiske drakt og får ein god gjeng friviljuge på scena.

Monoton, drøymande musikk strøymer frå anlegget og Holte byrjar å jobba med dei friviljuge. Nokre får ganske kjapt beskjed om at dei kan gå og setja seg att, andre blir ståande.

Etter nokre rundar med smått komiske «påfunn» frå fleire av deltakarane, er det tydelegvis Toni Simon som Holte først og fremst plukkar seg ut. I første omgang heng høgre foten «att» i golvet.

Artikkelen held fram under videoen

I neste omgang skal Simon tydelegvis gløyma talet sju. Han slit med å få det fram når Holte ber han telja, men det kjem altså fram. Talet tre, derimot, forsvinn i neste seanse. 

– Du er med på det, men du er likevel ikkje med på det. Veldig vanskeleg å forklara, men det er slik at viss han hadde bedd meg gjera noko som eg verkeleg ikkje ville, som betydde mykje for meg, så veit eg at eg kunne overstyrt det. I starten sa han mange ting som eg ikkje gjorde. Så gjekk det gradvis over til at eg vart meir med på det, og han styrte i større og større grad, seier Simon til Porten.no etter showet.

– Det er litt slik at halvparten er han og halvparten er deg sjølv, held han fram.

– Og du har ikkje vorte nokre tusen kroner rikare ved å vera med på dette?

– Nei, absolutt ikkje.

– Umogleg å sjå naturleg ut

At det var skilnad på i kor stor grad Simon let seg «styra», til dømes at han ikkje klarde å seia talet tre, men ikkje talet sju i seansen før, forklarar Holte slik.

– Det har med å gjera tilstanden han var i akkurat der og då. 

Simon sjølv angrar ikkje på at han deltok.

– Nei, dette var dritgøy, seier han.

Siste post på fredagsprogrammet under Nasjonalparkfestivalen var Kjell Elvis. Han hadde lata seg fascinera av naturen før han gjekk på scena.

Artikkelen held fram under biletet

STIL: Kjell Elvis i kjend stil.
STIL: Kjell Elvis i kjend stil.

– Det var jo denne plassen som burde heita Rockheim, med alle fjella rundt. Elvismusikken fell i smak uansett kvar eg kjem; det blir alltid liv og røre. Det er slik musikk du får i gang fest på.

– Eg må berre spørja; ser du alltid slik ut?

– Ja, med unntak av når eg vaknar, då. Folk lurer på om det er mogleg for meg å sjå naturleg ut, men det er jo umogleg. Det er livsstil, veit du.

Til toppen