HJELPER INNBYGGJARANE: I det konfliktherja landet er det stort behov for mat og medisinar. Her er Åge Bøyum i eit bustadområde i Kodok, nord-øst i Sør-Sudan. Foto: privat.
HJELPER INNBYGGJARANE: I det konfliktherja landet er det stort behov for mat og medisinar. Her er Åge Bøyum i eit bustadområde i Kodok, nord-øst i Sør-Sudan. Foto: privat.

Rett frå borgarkrig til julefeiring

Åge Bøyum frå Lærdal er heime frå hjelpearbeid i Sør-Sudan, der krig og konfliktar pregar tilvêret. Kontrasten til norsk julefeiring kunne ikkje ha vore større.

NYT KAFFIEN MELLOM SLAGA: Åge Høyum var stasjonært i hovudstaden Juba. Plassen han budde er prega av høge gjerde med piggtråd og solid vakthald.
NYT KAFFIEN MELLOM SLAGA: Åge Høyum var stasjonært i hovudstaden Juba. Plassen han budde er prega av høge gjerde med piggtråd og solid vakthald.

Lærdal: Til dagleg jobbar han som lektor ved Høgskulen i Sogndal, men sidan 1995 har lærdølen engasjert seg i bistandsarbeid, dei siste ti åra i regi av Røde Kors.

– Det er givande å kunne bidra i katastroafar eller konfliktområde i utsette delar av verda, seier han.

Difor takka han ja då han i vår vart spurt om å reise til Sør-Sudan, eit land som har vore prega av borgarkrigar, både før og etter at dei fekk sjølvstende etter folkerøystinga i 2011.

– Det er ei intern konflikt mellom to statsleiarar i det same landet, mellom presidenten og den tidlegare visepresidenten, og dei to folkegruppene dei tilhøyrer. Dei siste tre åra har det vore eit håp om ei fredeleg løysing, men det har ikkje skjedd, fortel Bøyum.

Les også: Trefningar i byen Åge er stasjonert
Les også: På veg til Nepal for å hjelpe etter jordskjelvet

Ufattelege tap av menneskeliv 

Han vil ikkje kalle det ein borgarkrig i tradisjonell forstand. Frontane er ikkje klåre, men konfliktane blussar opp til ulike tider og i ulike delar av landet. Difor er situsjonen òg uforutsigbar og det militære nærveret er over alt.

– Det er generelt lite tryggleik i landet, mykje kriminalitet, høg inflasjon og arbeidsledigheit. Det er ein farleg situasjon, som òg fører til fattigdom og lite matproduksjon, seier Bøyum.

VIKTIG ARBEID: Her er Åge Bøyum på sjukehuset i hovudstaden som tek imot skadde personar frå heile landet.
VIKTIG ARBEID: Her er Åge Bøyum på sjukehuset i hovudstaden som tek imot skadde personar frå heile landet.

Så mange som 300 000 menneske kan ha mista livet i konflikten og mange millionar er på flukt. Bøyum har denne gongen vore stasjonert i hovudstaden Juba, som for det meste har unngått dei verste kampane.  

– Eg har jobba mykje med forsyningar og administrasjon, og ikkje komt så tett på dei som har omkomme. Derimot har eg kome tett på dei skadde og henta dei på flyplassen når dei kom frå andre delar av landet, seier Bøyum.

Stor overgang å komme heim

Sjølv om det er eit land i djup krise, seier han at hjelpearbeidet fungerer godt.

– Det internasjonale Røde Kors har eit velutvikla system for å hjelpe land i krig og konfliktar. Det gjer at vi har ressursar og personale til det. Sjølv om situasjonen er vanskeleg, så får Røde Kors ut medisinar og mat, seier han.

Han seier det tek lang tid å komme tilbake til kvardagen etter eit såpass langt opphald. Såleis har det vore fint å kunne feire ei roleg jul i lag med familien. Julefeiringa har ikkje blitt særleg prega av det han har opplevd. 

– Ikkje på nokon anna måte enn at eg har blitt vant til litt magrare kosthald. Eg et litt mindre porsjonar enn før, noko som eigentleg berre er bra. Overgangen er stor, men det var eg budd på, seier han.

Til toppen