ANGREP: Terje Sylvarnes fortel at angrepet var betre enn forsvaret i denne kampen. 
ANGREP: Terje Sylvarnes fortel at angrepet var betre enn forsvaret i denne kampen. 

— Rett og slett ikkje gode nok

Jotun/ÅTIL tapte mot Fyllingen 2 på heimebane laurdag. 

Årdal: Mange hadde tatt turen til Årdalshallen laurdag, då Jotun/ÅTIL møtte Fyllingen 2 på heimebane.  

Allereie etter 12 minutt låg Jotun/ÅTIL under med 3 mål, Fyllingen 2 forsette første omgang med å lede. Til pause var det 14-18 til Fyllingen 2.

I andre omgang fortsatte Fyllingen 2 med godt spel og klarte å halde leiinga til kampen var over. Sluttresultatet blei 25-36 til Fyllingen 2.

- Me er rett og slett ikkje gode nok. Fyllingen 2 stilte ikkje med sitt sterkaste lag og eg føler me kunne ha hevda oss mykje meir enn me gjorde, seier Terje Sylvarnes.

Han fortel at den største utfordringa dei hadde under kampen var forsvaret.

- Me er ikkje tøffe nok i forsvar og slepp motstandarane alt for lett gjennom. Me byrja første omgang med eit dårleg forsvar, der me gjorde alt for mange feil. I andre omgang blei forsvaret litt betre.

Han legg til at i angrepsspelet gjorde dei ein mykje betre jobb.

- Me brenn mange sjansar, men me hadde også ein del gode skåringar. Ida, Kristina, Linn, Vanja og Karoline hadde blant anna nokre fine mål. Ida blei også kåra til banens beste i denne kampen.

Vidare fortel han at dei er eit ganske ungt lag som treng meir rutine.

- Ein må trene på å gjere dei rette vala i ulike situasjonar. Laget har både gode og dårlege periodar, så det er framleis litt ustabilt, avsluttar han.

 

Til toppen