SV: Oddny I. Miljeteig.
SV: Oddny I. Miljeteig. (Foto: Marius Nyheim Kristoffersen)

MEININGAR

Rettferd for Mustafa: – Eksempla er menneske av kjøt og blod

Oddny I. Miljeteig og SV  meinar ein meir human asylpolitikk er høgst nødvendig.

Meiningar: Eg har vore med og kjempa mange kampar for ein human asylpolitikk. Den humane og humanistiske asylpolitikken må kjempast fram dag for dag, og det er alltid einskildmenneske som står i fåre når den «strenge og rettferdige» asylpolitikken skal statuerast med eksempel.

Eksempla er menneske av kjøt og blod.

Mustafa Hasan bur i Asker, går i tredje klasse på vidaregåande og har nynorsk, sidemål, som favorittfag. Innvandringsregulerande omsyn trumfar tilknytinga hans til riket, seier Utlendingenemnda – og norsk rett.

Askerordførar Lene Conradi frå Høgre er djupt usamd i at Mustafa skal sendast ut or Noreg til Jordan.

To tredelar av livet i Noreg

Det er sleipt å deportera born i det sekundet dei «sluttar» å vera born, altså på 18-årsdagen. Mustafa har vore her i to tredelar av livet sitt.

Barns behov skal vera eit grunnleggjande omsyn, også eit rettsomsyn. Så seier Barnekonvensjonen som Noreg har skrive under.

Eg skjønar Utlendingenemna slik at dei ser dei humanistiske omsyna, men at dei må vika for innvandringsregulerande omsyn. Det er ein fallitt – for Noreg.

Eg trudde at regjering og storting skulle sjå til at Noreg er både humant og humanistisk. Kva har eg grunnleggjande misforstått?

SV, partiet «mitt», har foreslått å stogga alle asylsaker som gjeld lengeverande asylsøkjande born fram til ein har fått gått gjennom praksisen til Utlendingenemnda. SV meiner også at Mustafa-saka må sjåast i lys av saka til syskenparet Butt.

Dei vann over den norske stat i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Utlendingestyresmaktene ville utvisa syskenparet Butt då dei vart myndige. Lagmannsretten stadfeste utvisinga, men Den europeiske menneskerettsdomstolen gav i 2012 syskena fullt medhald.

Menneskerettsdomstolen kom samrøystes til at ei utvising av syskenparet etter 17 år i Noreg ville innebera eit brot på menneskerettane deira.

Ein ny rettsituasjon

Mustafa si mor har forlate Noreg. Advokat Arild Humlen meiner ein ny rettssituasjon oppstår når mor – som har loge – er returnert til heimlandet.

Mustafa har fått lov til å vera att i Noreg – inntil no. «De innvandringsregulerende hensyn» er ivaretatt når personen som har brutt loven er hjemsendt og har fått sin «straff» i anførselstegn, seier Humlen, som var advokaten til Butt-syskena.

Avgjerda om Butt-syskena i Den europeiske menneskerttsdomstolen er bindande for etterfylgjande rettssaker av same karakter. Som Humlen seier «Det er blitt etterlevd over hele Europa, bortsett fra i Norge». No krever vi rettferd for Mustafa!

Til toppen