MERKDSEMD: - Det er feil at vi som bur i nærleiken av ein kraftstasjon, må betale mykje meir i nettleige enn dei som bur i eit tett befolka område utan denne type produksjon, skriv Nils P. Støyva.
MERKDSEMD: - Det er feil at vi som bur i nærleiken av ein kraftstasjon, må betale mykje meir i nettleige enn dei som bur i eit tett befolka område utan denne type produksjon, skriv Nils P. Støyva. (Foto: Arkiv)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Rettferdig nettleige


I motsetnad til dei raudgrøne partia, sit Høgre og Frp på gjerdet utan å få til noko anna enn å rope om strukturrasjonalisering og samanslåing av nettselskap, skriv distriktssekretær i LO, Nils Petter Støyva, i dette innlegget.

Tilgang på rein energi er ei av dei store føremonene Sogn og Fjordane har framfor andre fylke. Energi er ein av bærebjelkane i næringsutviklinga. Det er framleis eit stort potensiale for utbygging av både vass- og vindkraft som er den viktigaste fornybare energien. Men utfordringa er at fylket vårt har ei urimeleg høg nettleige samanlikna med andre område av landet. 

Fylkeskonferansen til LO Sogn og Fjordane har tidlegare i år kravd at regjeringa må legge fram ein modell og eit regelverk for utjamning av nettkostnader. Dette for å få ei meir rettferdig fordeling av kostnadane med straumnettet. Det er feil at vi som bur i nærleiken av ein kraftstasjon, må betale mykje meir i nettleige enn dei som bur i eit tett befolka område utan denne type produksjon.

Både Arbeidarpartiet sitt landsmøte og LO Kongressen var svært tydlege i sine vedtak om nettleige. LO Kongressen sa følgjande: "LO vil arbeide for en opprustning og modernisering av kraftverk og linjenett som gir en prisutjevning mellom regionene." På Arbeidarpartiet sitt landsmøte var delegatane frå Sogn og Fjordane sterke pådrivarar for å få til eit vedtak om å innføre ei utjamningsordning for nettleige.

Trongen for nettinvesteringar er høgast i dei områda av landet med størst potensiale for utbygging av fornybar energi. Vi veit også at kostnadane med det regionale forsyningsnettet vil auke med om lag 20 % fram mot år 2020. Dette vil få store konsekvensar for innbyggarane og næringslivet. Det er urimeleg at Sogn og Fjordane får ein så stor auke i nettkostnadane for å kunne utnytte denne viktige ressursen. Det er viktig for næringslivet i Sogn og Fjordane å få kostnader med nettleige som er konkurransedyktig med resten av landet.

I motsetnad til dei raudgrøne partia, sit Høgre og Frp på gjerdet utan å få til noko anna enn å rope om strukturrasjonalisering og samanslåing av nettselskap. Også på dette viktige samfunnsområdet skal marknaden styre alt, seier dei blåblå politikarane våre. På bakgrunn av dette, er det svært viktig å få på plass ei utjamningsordning for nettleiga mellom ulike landsdelar. Dette for å få ei meir rettferdig og konkurransedyktig nettleige for fjordfylket. Kun ei raudgrøn Arbeiderpartileia regjering vil kunne løyse denne viktige saka.

Nils P Støyva
Distriktssekretær i LO

Til toppen