REVY: Salen var utsolgt under 4. laurdag i advent og publikum fekk servert mange forskjellige innslag (Bilde: Youri van der Werve)

Revyen fylte salen med latter

Rasmus Mo, Geir Inge Heggestad og Jan Rune Årøy klarte å få den utsolgte salen til å le i halvanna time.

Sogndal: Som kvar siste laurdag før jul var det tid for revyen 4. laurdag i advent.

– Det er godt å ha gjort første omgang, no er det berre å komme i gang med neste, seier Rasmus Mo etter at dei nettopp har gått av scena etter første show.

Idémyldring i februar

Rasmus Mo, Geir Inge Heggestad og Jan Rune Årøy klarte å få folk til å le frå første til siste sekund. I lang tid hadde dei jobbe med å velge karakterar og fortelje historiane på best mogleg måte.

– Vi begynte med idémyldring allereie i februar og så bygge det seg opp etter kvart, seier Mo.

Ingen vanleg revy

4. laurdag i advent er ingen vanleg revy.

– Vi har gått litt vekk frå revy begrepet, då blir det litt meir show prega. Dette gjer at vi står litt friare til og kan velge litt meir kva vi kan gjere.

Gjennom showet bytta det mellom innslag på scena og filmar på storskjerm.

Kjente tema og personar blei brukt i showet. Både nasjonale som ikkje lov til å le og metoo kampanjen, men også lokalt som Sogndal fotball, Trine Lerum Hjellhaug og til og med ein eigen sang til Jarle Aarvoll og Jostein Aanestad.

Spent på tilbakemelding frå publikum

– Vi treng feedback frå folk. Når publikum er med så er det voldsomt kjekt for oss, seier Mo.

Reaksjonen til publikum var ikkje til tvile på. Under heile showet var stemninga bra, men sjølv om det høyrtast ut som alle likte showet var Rasmus Mo litt nervøs på reaksjonane likevel.

– Ein er jo alltid litt spent på kva det er som funker. Derfor er det viktig å komme i gang med noko som smelle. I tillegg så har vi litt berg og dalbane, men det er ganske bevist for å få ned pulsen til både publikum og oss, seier Mo som hadde 45 minutt å gjere seg klar på til andre showet for kvelden.

Til toppen