FÅR MIDLAR: Tangen Kjøre- og Rideklubb har fått 30.000 kroner frå UDI. Desse vert nytta til aktivitetar for barn og unge på asylmottaket. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun. 
FÅR MIDLAR: Tangen Kjøre- og Rideklubb har fått 30.000 kroner frå UDI. Desse vert nytta til aktivitetar for barn og unge på asylmottaket. Arkivfoto: Sunniva K. Øvstetun. 

Rideklubben fekk 30.000 frå UDI

Tangen Kjøre- og Rideklubb er tildelt 30.000 kroner som skal nyttast til aktivitetar for barn og unge som bur i asylmottak. 

Årdal: UDI Regionkontor Vest har tildelt om lag 6 millionar kroner i aktivitetsmidlar til lag og organisasjonar. Av desse får Sogn og Fjordane om lag 1,6 millionar kroner.

– Føremålet med ordninga er å støtta tiltak som bidrar til å gi barna ein meiningsfull kvardag, ein så normal barndom som mogleg, moglegheiter for fysisk aktivitet, moglegheiter til å utvikla ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar og ei meistringskjensle, skriv UDI i ei pressemelding.

Glad for midlar

30.000 av desse kronene går til Tangen Kjøre og Rideklubb. 

– Me synest det er kjempeflott å få midlar. Dette er jo for å aktivisere folk på mottaket, så dei er ute i Seimsdalen og rir og steller med hestane ein gong i veka, fortel Sigrid Røneid, som er kasserar i rideklubben. 

Også Sogndal Indremisjonsforsamling fekk 30.000 kroner, som vert nytta til internasjonal kafé kvar tysdag, der asylsøkjarar og ungdommar kan treffast. Forutan dette, fekk Sogn og Fjordane turlag 100 000 kroner.

Aktivisering

Det er eit mål at barna i mottaka skal vere i fysisk aktivitet, og at dei skal tileigne seg ferdigheiter gjennom ulike aktivitetar. Barn som bur i mottak kan ha hatt opplevingar som kan vera psykisk krebjande for dei. 

– Når barn er i aktivitet og ser at dei meistrar ting, er dei betre i stand til å takla hendingane dei har opplevd, skriv UDi. 

Totalt har UDI delt ut om lag 60 millionar kroner i heile Noreg, noko som er den høgste summen nokon gong. I region vest kom det inn 143 søknader for 23 millionar kroner. 

Til toppen