STORBRANN: Seksti hus vart skadde, trettito brann heilt ned, då det tok til å brenna på Lærdalsøyri i 2014. Berre flaks gjorde at berre to verna hus gjekk tapte.
STORBRANN: Seksti hus vart skadde, trettito brann heilt ned, då det tok til å brenna på Lærdalsøyri i 2014. Berre flaks gjorde at berre to verna hus gjekk tapte.

Riksantikvaren med storløyving slik at dette ikkje skal skje igjen

Lærdal kommune har fått 650.000 kroner av riksantikvaren til å sikra gamle Lærdalsøyri mot brann.

Lærdal: Løyvinga gjer at kommunen kan sørga for at dei siste husa i det verna området får sprinklaranlegg.

– Å få brannsikra alt saman er eit skikkeleg løft for den verna busetnaden. Me har storbrannen friskt i minne, og ønskjer ikkje å oppleva noko sånt att, seier kultursjef Magne Grøttebø.

Nøgd: Kultursjef Magne Grøttebø i Lærdal kommune er glad for at dei snart er i mål med å brannsikra dei verna husa på Gamleøyri. Foto: Truls Grane Sylvarnes/arkiv.

Les óg: Anna (13) styrar det historiske Post- og telemuseet i Lærdal

Snart i mål

Då storbrannen herja i 2014 var det på hengande håret at flammane ikkje spreidde seg til dei verna trehusa. Seksti bygg fekk skader, men berre to verna hus vart råka.

Men brannsikring i Lærdal har pågått i mange år fortel Grøttebø, lenge før storbrannen i 2014. Til saman er det snakk om tilskot på fleire millionar over desse åra. 

– Det siste me gjorde no var å få installert sprinklar i post- og telemuseet. Det anlegget har me akkurat prøvekøyrt, seier Grøttebø.

Når dei er i mål med einebustadane, blir spørsmålet vidare om kommunen ønskjer å sikra uthusa óg mot brann.

– Dei kan jo ta fyr dei óg, seier Grøttebø, som no har gitt frå seg stafettpinnen.

Dei som skal jobba vidare brannsikringa på Lærdalsøyri er kultursekretær Guro Nesse, saman med Atle Strandos frå Brannconsult. Ei eiga brannsikringsgruppe, med representantar frå administrasjonen og dei folkevalde, har det overordna ansvaret. 

SIKRA: Den gamle telegrafstasjonen, no omgjort til museum, har nyleg fått på plass eit flunkande nytt sprinklaranlegg. Etter løyvinga til riksantikvaren står fleire hus for tur. Foto: Sunniva Knutsen
Til toppen