Indre Sogn: – For det fyrste må du ha godt med drivstoff og el-bilane må vere godt opplada, seier Ketil Molvær i Vegtrafikksentralen.
Årsaka er at kolonna kan verta ståande i ro i lang tid. Har du ikkje nok på tanken kan du i verste fall gå tom for drivstoff. Samstundes er det er viktig å ha med seg varme klede og vinterskor, skulle motoren stogga.
Viktig å velja rett fjell
Når det gjeld sjølve køyringa, so er det berre å fylgja etter dei andre bilane. Etter brøytebilen køyrer ein tenestebil og so skal dei andre bilane fylgja på i jamn fart. Bilane køyrer nært einannan, så det er ein viss fare for samanstøytar. Men det er sjeldan det vert stygge skadar ut av det, seier Molvær.
– Det er viktig å velja rett fjell òg. Når det er dårleg vêr rår me til å velja europaveg 16 over Filefjell, både når du skal austetter og vestetter, seier Molvær.
Han minner óg om at det er viktig å rekna god tid når du skal køyra kolonne. Ikkje berre er farten langsam, ved startpunktet for kolonnekøyringa lyt du rekna med å venta ei tid på at neste kolonne skal køyra.
Vit at vêret kan vera skiftande. Brått kjem du gjennom ein tunnell ut i ein snøstorm, medan det før tunnellen kanskje ikkje var utfordrande køyretilhøve i det heile.
– Det er viktig at vindaugsviskarane er gode når vinden blæs snø rett i frontruta di, nemner han vidare.
Andre ting å hugsa på i ei kolonnekøyring:
- Ver medviten om at vêret på fjellet kan skifta snøgt. Sjølv om sola skin når du fer heimanfrå, so ser du kanskje ikkje vegen for berre snøfokk når du kjem opp på fjellet.
- Alternativet til kolonnekøyring er at Vegvesenet stenger vegen. Det er difor eit maksimum tal bilar i kvar kolonnne, for å sikre forsvarleg evakuering om nokon skulle køyra seg fast.
- Skal ein vera med i ei kolonne, er gode dekk eit krav, i tillegg til godt med drivstoff på tanken. Ein må vera budd på lang ventetid før ein kjem med i ei kolonne.
- Vanlegvis er det ikkje snakk om meir venting enn å venta på ei travel ferje, men i særskilde tilfelle kan det verta eit heilt døger å venta. Det er òg ein av grunnane til at ein må ha med seg mat, varm drykk, varme klede og vinterskor til alle i bilen.
- Før ein set av garde, er det lurt å sjekka vêrmeldinga og vurdera kva for ei rute ein skal velja. På Vegvesen.no finst det oppdatert informasjon om kva for vegar som er stengde og kva for vegar som har kolonnekøyring.
- I Sør-Noreg er det størst fare for kolonnekøyring på Haukelifjell, Hardangervidda og Hemsedal.
Kjelde: Statens Vegvesen
– Ikkje gløym naudblink og tåkeljos
I sjølve kolonnekøyringa skal ein ha på naudblink og tåkeljos. Og so skal ein nytta lufteanlegget til å kjøla ned kupeen, for det hindrar ising på frontruta.
– Hald jamn fart, følg kolonna og hald blikkontakt med bilen framfor deg. Ikkje forlat bilen ved stopp. Bli sittande og vent på hjelp, skriv vegvesenet i twittermeldinga.