LUFTIG: Mini og Volkswagen Beetle Dune er svært ulike, samtidig konkurrerer dei på den same marknaden. FOTO: Heiko Junge / NTB scanpix
LUFTIG: Mini og Volkswagen Beetle Dune er svært ulike, samtidig konkurrerer dei på den same marknaden. FOTO: Heiko Junge / NTB scanpix

Rimeleg kule kabrioletar

Vil du køyre topplaus i sommar, er dette to av dei aller billigaste alternativa på den norske marknaden.

Skal du ha ein kabriolet som ikkje kostar særleg meir enn 400.000 ferdig utspjåka, og då snakkar vi om ein skikkeleg kabriolet – ikkje ein der ein kan rulle av taket medan vindaugsrammene står igjen – er det ikkje mykje å velje mellom. Tre modellar, for å vere heilt nøyaktig. Og er behovet for baksete til stades, står ein igjen med to, Mini og Volkswagen Beetle. Hos Mazda MX-5 manglar den andre seterada.

Mini og Volkswagen Beetle er begge nye modellar, altså ferskvare. Beetle Dune har ein litt ekstra morosam utsjånad, som er tilgjengeleg i den friske lakken «Sandstorm Yellow metallic» og har nokre fleire visuelle detaljar som skil den frå ein vanleg Beetle. Medan Minien sjølvsagt har vore ein liten runde innom tilvalslista, som betyr fartsstriper, kvite felgar og «British Racing Green» metallic.

Artikkelen held fram under biletet

UTSTYR: Med ein Mini er det meininga at kunden skal fylle på med effektar, det blir ganske dyrt. Dune-utgåva til Beetle ligg 30.000 over ein vanleg Beetle.
UTSTYR: Med ein Mini er det meininga at kunden skal fylle på med effektar, det blir ganske dyrt. Dune-utgåva til Beetle ligg 30.000 over ein vanleg Beetle.

Tilval

Bilane kostar i utgangspunktet 307.000 (Mini) og 352.000 (Beetle), men med utstyret her ligg dei og vakar rundt 400.000.

Dette er i utgangspunktet ganske enkle småbilar, som kundane likar å sminke opp etter eigne ønske. Særleg den omfangsrike utstyrslista til Minien kan påføre den kreative ei romsleg ekstrautgift.

Dune-versjonen av Beetle er eit forsøk på gjere bilen litt barskare. Den er teknisk lik ein vanleg Beetle, men bakkeklaringa er auka med éin centimeter. Fronten har større luftinntak og ein ny spoiler. Skjermbreiddene er svarte, i tillegg er 18-tommars felgar standard. Og den er tilgjengeleg i to spesialfargar. Det gjer Dune 30.000 dyrare enn ein Beetle kabriolet med det same drivverket.

Under panseret på Minien er det ein dieselmotor på 116 hestekrefter. Dei tre sylindrane gir bilen ein artig og hissig motorlyd og temmeleg kvikke prestasjonar. Null til hundre går på rett under ti sekund, og den kjennest svært pigg i bymiljø, der han skvett rundt hjørna.

Beetlen har ein bensinmotor på 105 hestekrefter, som ikkje verkar å vere like livleg. Vekta er på 1350 kilo (100 meir enn Minien). Null til hundre tek over 11 sekund, og eit tynt dreiemoment gjer at han ikkje akkurat skyt ut av startblokkene.

Artikkelen held fram under biletet

RETRO: Den ytre forma har klare trekk frå den gode gamle Bobla. Innvendig er det dei lakkerte flatene og hanskerommet som peikar bakover mot Beetle-ein.
RETRO: Den ytre forma har klare trekk frå den gode gamle Bobla. Innvendig er det dei lakkerte flatene og hanskerommet som peikar bakover mot Beetle-ein.

Automatgir

Rent køyremessig gjer Minien bordet temmeleg reint samanlikna med bilen frå Volkswagen. Den er ikkje like fast i fisken som Mini-broren med tak, men den har halde på dei artige eigenskapane ein får med ein liten bil som har hjula i kvart hjørne.

Motoren jobbar fint i samarbeid med girkassa i Minien, medan det verkar som det er for lite kraft i Beetlen til å utnytte den vanlegvis så kvikke og morosame DSG-girkassa til Volkswagen.

Innvendig er forskjellen like stor som på utsida. Minien har eit skikkeleg fjollete interiør, med masse knappar og store runde instrument, ikkje minst det store sentralt plassert midt på dashbordet. Det fungerer når ein blir van til det, men det ser ikkje særleg bra ut.

Beetle-ein har langt meir orden innvendig. Det er ganske enkelt, men det ser på same tid fint ut. Lakkfargen frå utsida er teken med inn i kupeen, og inntrykket er ei god blanding av moderne med hint til den originale Bobla.

Artikkelen held fram under biletet

SIRKLAR: I Minien er det sirklar som er greia. Det er i overkant fjasete, men det fungerer.
SIRKLAR: I Minien er det sirklar som er greia. Det er i overkant fjasete, men det fungerer.

Tynt med plass

Ingen av bilane er noko for ein langtur med fire i bilen, til det er bakseteplassen alt for avgrensa. Men småfolk eller lite kresne passasjerar får plass, og kanskje midtskil i visse situasjonar.

Volkswagen har fiksa tak-origamien best, medan taket på Minien blir liggjande som ein stabel oppå hekken og et opp meir av sikta.

Sjølv om desse bilane er billige i sin sjanger, er det vanskeleg å seie at det er billige bilar. 400.000 for småbilar med ganske beskjedne motorar kan ikkje kallast eit knallkjøp. På den andre sida så er dette dei rimelegaste skikkelege kabrioletane på marknaden.

Utsjånadsmessig er Beetle Dune ein artig og kul bil, dei ekstra visuelle effektane har gjort bilen til noko som er langt kulare enn utgangspunktet. Den er mest synleg i gatebildet av desse to, ikkje minst med den frekke fargen bilen her har. Men for sjåføren er det liten tvil om at det er i Minien det er mest morosamt å vere.

 

Til toppen