VINNAR OG NY REKORD: Anita I. Lilleskare frå BFG Bergen Løpeklubb, vann kvinneklassen og sette løyperekord i klasse 40-44 år med tida 31.29.
VINNAR OG NY REKORD: Anita I. Lilleskare frå BFG Bergen Løpeklubb, vann kvinneklassen og sette løyperekord i klasse 40-44 år med tida 31.29. (Foto: Jan Christian Jerving)

Rimstigen Opp gjekk av stabelen for sjuande gong, arrangør: – Det blei sett fire klasserekordar

I steikande sol kjempa 110 deltakarar seg opp den bratte løypa til toppen av Rimstigen. For nokre resulterte det i løyperekord.

Aurland: Sjølv om det kanskje vart litt i varmaste laget for dei omlag 110 deltakarane, så kjempa dei seg frå Bakka til toppen av Rimstigen, med ein høgdeskilnad på 725 meter, i steikande sol. 

BERRE SMIL: Det var god stemning på toppen av Rimstigen, med god utsikt over Nærøyfjorden. Foto: Jan Christian Jerving

Jamvel var det berre smil å sjå på toppen, då fleire av deltakarane kunne melda om både løyperekordar og klasserekordar. 

– Det blei til saman sett fire klasserekordar i den knalltøffe løypa. Den mest imponerande prestasjonen stod Birgen N. Hanstveit i klasse 75-79 år for. Han kom til topps på råsterke 42.30, seier arrangør Olav Terum. 

Terum: – Intern lokal konkurranse

 Det var kring 60 påmelde i konkurranseklassen, som var omlag det arrangøren forventa. Men i turklassen var det berre kring 50 deltakarar. 

– Dette var litt færre enn me håpa på, seier Terum. 

Saka held fram under biletet.

KLAR, FERDIG, GÅ: Slik såg det ut då dei vel 60 løparane i konkurranseklassen sette på sprang frå Bakka. Foto: Kristiane S. Terum

Det stogga jamvel ikkje stemninga, for blant dei var det interne konkurransar: som den lokale gjengen frå Aurland. 

– Aurlendingane hadde ein intern og prestisjetung lokal konkurranse, seier Terum. 

Sander S. Terum blei best med tida 35.15, medan Mario B. Midje, Torkil S. Terum, Olav Terum og Anders Veum følgde rett etter.

Siger og løyperekord

VINNAR OG NY REKORD: Anita I. Lilleskare frå BFG Bergen Løpeklubb, vann kvinneklassen og sette løyperekord i klasse 40-44 år med tida 31.29. Foto: Jan Christian Jerving

I kvinneklassen tok Anita Iversen Lilleskare, frå BFG Bergen Løpeklubb, sigeren. I tillegg sette ho løyperekord i klass 40-44 år med tida 39.29.

Nummer to i kvinneklassen var Elisabeth Hildenes frå Eid IL og nummer tre vart Stina M. Taule, IL Gular.

VINNAR I HERREKLASSEN: Det var Lars Erik Skjervheim, frå Voss IL som stakk av med sigeren i herreklassen med tida 26.39. Foto: Jan Christian Jerving

I herreklassen gjekk Lars Erik Skjervheim frå Voss IL, til topps med tida 26,39. 

– Dette er ei god tid, men nestan to minuttar bak løyperekorden, seier Terum. 

Erling Hisdal frå IK Tjalve blei nummer to og Anders Kjærevik frå AJK Airlines, nummer tre.

Roy Olsen, IL Jotun kom på åttande plass med tida 32.20 og vann klasse 40-44 år.

Sjå resultatlistene her: 

Herrer: 

Startnr

Namn

Klubb

Kjønn

Klasse

Tid

59

Lars Erik Skjervheim

Voss IL

M

35-39 år

26:39

17

Erling Hisdal

IK Tjalve

M

35-39 år

29:34

23

Anders Kjærevik

AJK Airlines

M

23-34 år

30:37

56

Anders Sommer

Varegg

M

18-22 år

31:01

25

Kjell Erling Mundal

Fjærland IL

M

50-54 år

31:18

40

Bjarte Mørkve

Eldar

M

23-34 år

32:16

62

Roy Olsen

IL Jotun

M

40-44 år

32:20

49

Kristian Karlsen

Ingen

M

35-39 år

32:27

10

Tore Instebø

Varegg / Fjellgeitene

M

45-49 år

32:35

27

Håvard Fuglesteg

IL Fanaråk

M

35-39 år

32:59

11

Johannes Heien

Ternen

M

23-34 år

33:18

8

Bjørn Harald Bongom

Varegg / Fjellgeitene

M

50-54 år

33:30

44

Magnar Solheim

Norddalsfjord IL

M

60-64 år

33:45

37

Morten Tronstad

Varegg / Fjellgeitene

M

45-49 år

33:52

60

Sander Sekkingstad Terum

Aurland IL

M

23-34 år

35:15

30

Mario Midje Baltov

Aurland IL

M

23-34 år

35:35

18

Torkil Sekkingstad Terum

Aurland IL

M

23-34 år

35:44

35

Olav Terum

Aurland IL

M

55-59 år

35:47

48

Kristoffer Føllesdal

Varegg

M

23-34 år

36:02

3

Anders Veum

Aurland IL

M

23-34 år

36:35

42

Arild Bjarkø

Os IL

M

60-64 år

36:47

12

Odd Geir Sagerøy Bidne

Eldar

M

23-34 år

37:30

14

Aksel Øvsthus

Mjøsdalen IL

M

65-69 år

38:05

21

Jan Frode Morken

Varegg / Fjellgeitene

M

50-54 år

38:12

20

Edvard Holden

Manchester University AC

M

18-22 år

38:39

9

Knut Oen

Fjellgeitene

M

50-54 år

38:47

47

Geir Grindedal

IL Jotun

M

50-54 år

39:11

24

Lars Engeli

Varegg / Fjellgeitene

M

40-44 år

40:07

38

Herbjørn Brennhovd

Gol IL

M

70-74 år

40:24

36

Trond Sundby

Balestrand IL

M

70-74 år

40:56

50

Kjell Ove Lund

Varegg

M

45-49 år

41:11

55

Olav Garberg

Buvik IL

M

23-34 år

42:05

28

Birger Normann Hanstveit

Mjøsdalen IL

M

75-79 år

42:30

13

Magne Heien

Ternen

M

60-64 år

43:41

43

Per Olav Bøyum

Syril

M

40-44 år

43:41

31

Terje Håkstad

Northern Runners

M

40-44 år

46:54

46

Knut Hegland

Københavns Skiklub

M

55-59 år

46:54

2

Sigve Vikesland

Aurland IL

M

13-14 år

48:34

61

Jarle Solheim

Ingen

M

50-54 år

48:37

39

Asbjørn Ruud Marsh

Aurland IL

M

13-14 år

48:40

19

Roger Anglevik

IL Fri

M

70-74 år

48:46

54

Svein Steinsland

Samnanger Idrettslag

M

70-74 år

01:09:30

Kvinner

Startnr

Namn

Klubb

Kjønn

Klasse

Tid

22

Anita Iversen Lilleskare

BFG Bergen Løpeklubb

K

40-44 år

31:29

53

Elisabeth Hildenes

Eid IL

K

23-34 år

34:09

15

Stina Mari Taule

IL Gular

K

23-34 år

34:42

33

Kathrine Dugstad

Friskis & Svettis

K

50-54 år

36:23

45

Jori Mørkve

Eldar IL

K

35-39 år

39:28

57

Nancy Sommer

Varegg / Fjellgeitene

K

45-49 år

39:33

32

Nina Faye Eriksen

Friskis & Svettis

K

55-59 år

40:39

52

Caroline Christie

Varegg / Fjellgeitene

K

40-44 år

41:54

1

Hanne Liland

Varegg / Fjellgeitene

K

45-49 år

42:26

58

Amalie Sommer

Varegg

K

23-34 år

46:50

51

Borghild Trones

Solnut

K

13-14 år

48:56

Til toppen