Rinde med siger i sin første kamp som Kaupanger-trenar

Rinde med siger i sin første kamp som Kaupanger-trenar

Lærdølen Øystein Lindesteg Rinde og Kaupanger-damene tok oppskriftsmessig tre poeng i første seriekamp.

Hinna - Kaupanger 1-3

Kaupanger sitt damelag rykka ned frå 1. divisjon etter førre sesong og vil rett opp igjen der dei høyrer heime. Sjølv om det berre er første seriekamp, tok dei laurdag eit lite steg i riktig retning etter 3-1-siger mot Hinna.

Dette var lærdølen Øystein Lindesteg Rinde sin første kamp som trenar for Kaupanger dersom ein ser vekk frå treningskampane.

LES OGSÅ: Skal prøva å ta Kaupanger rett opp att i 1. divisjon

– Det er heilt topp å byrja med tre poeng. Det er dette me har jobba for i tre månader. Resultata i treningskampane er ikkje så viktige, det er dette som tel. Å ta med seg denne godkjensla er heilt fantastisk, seier han til Porten.no etter kampen.

– Dette viser at me kan og at me vil, for me er eit bra fotballag og har gjort ein god innsats i vinter, sjølv om me spelemessig har meir å gå på i denne kampen.

Tre kjappe mål

Etter å ha spelt i motvind heile 1. omgang, kunne grøntrøyene utnytte vindkasta ette kvilen. Det gjorde dei så absolutt. I laupet av seks minuttar frå det 48. til det 54. sendte Cecilie Leivdal, Synne Christiansen og Rebekka Bergum Skaasheim Kaupanger opp i 3-0.

– Me får tre kjappe mål. Det første kjem på ein overgang, det andre eit frispark frå 16-17 meter og det siste eit langskudd rett i vinkelen. Dei får eit mål midtvegs i 2. omgang, og det blir litt spennande, men me rir det av og kjempar oss inn att i kampen og har stort sett kontroll, forklarar Rinde.

Meir å gå på

Det var Marte Hole som reduserte for Hinna, men det hjelpte lite då Kaupanger kan reise heim med tre poeng i bagasjen. 

– Eg er veldig imponert over innsats og engasjement og at me står på i 90 minuttar og vel så det. Me forventar siger i kvar einaste kamp, men i bortekampar veit ein aldri kva ein møter, held Kaupanger-trenaren fram og legg til at han trur laget berre vil verta betre for kvar veka framover.

Til toppen