Flåm: Mandag morgen fekk politiet melding om ein trussel retta mot Flåmsbana. Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding.
Telefonnummeret trusselen kom frå var ikkje skjult, dermed kunne politiet med eit kjapt søk i sine interne register konstantere at den ikkje var reell.
Innringaren bur i eit anna politidistrikt og vert teken hand om av politiet der. Saka vert etterforska.
Ifølgje Sogn Avis rykte politiet i dag tidleg ut med fleire uniformerte bilar til Flåm stasjon. Den falske alarmen gjorde at det første toget vart forsinka med 40 minutt.
Ifølgje kjelder til NRK i politiet skal ein person vere arrestert, mistenkt for å ha sett fram truslane.