TRANGT OM PLASSEN: Både Fjord2 og The Fjords ønskjer å nytte seg av ferjekaien i Gudvangen på kveldstid, noko som skapar ein kaifloke. Illustrasjonsfoto: Arne Veum.
TRANGT OM PLASSEN: Både Fjord2 og The Fjords ønskjer å nytte seg av ferjekaien i Gudvangen på kveldstid, noko som skapar ein kaifloke. Illustrasjonsfoto: Arne Veum.

Risikerer å måtte køyre 50 tomme turar

No har hamnevesenet tatt ei avgjerd i kaifloken i Gudvangen.

Gudvangen: Problemet oppstod då både selskapa The Fjords og Fjord2 ønskte å nytte seg av same ferjekai i Gudvangen på kveldstid. 

– Me aksepterer at det er fullt i Gudvangen, men me aksepterer ikkje at ferjekaia skal stenge klokka 19.30 om sommaren fordi eit fartøy eksklusivt skal få liggje her til neste morgon. Det går ikkje, og difor må det kome på plass ordningar som for seinare sesongar kan syte for naudsynt lading av det aktuelle fartøyet utan at det må liggje ved ferjekaia, seier dagleg leiar i Fjord2, Arne Glenn Flåten.

Når deira kveldsferje «Skånevik», som har avgang i Kaupanger 18.00, kjem til Gudvangen 20.20, vil The Fjords si hybrid-ferje «Fjordsyn» allereie ligge her etter dagens siste tur 19.30. 

Kostbart for The Fjords

Årsaka er at fartøyet skal kople seg på ein ladestasjon som vert bygd ved ferjekaia. Her skal fartøyet liggje over natta. Det betyr at dersom Fjord2 si ferje skal få kome til ferjelemmen, må «Fjordsyn» ut på sjøen ein periode, noko som vil bli for kostbart.

– Når me legg til kai klokka 19.30, har vårt mannskap arbeidd si tilmålte daglege tid. Skal me ta fartøyet ut att på sjøen, vil det medføre skifte av heile mannskapet, sa dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik, til Aurlendingen for ei tid sidan. 

GREIP INN: Hamnevesenet i Aurland har grepe inn i saka og bestemt at The Fjords skal få liggje til kai frå 19.30 over natta.
GREIP INN: Hamnevesenet i Aurland har grepe inn i saka og bestemt at The Fjords skal få liggje til kai frå 19.30 over natta.

Hamnevesenet greip inn

Etter ei tid med drøftingar på korleis floken kan løysast har hamnevesenet i Aurland teke ei avgjerd i saka. 

– Vårt håp var at dei skulle finne ei løysing på saka, men når det ikkje skjedde, så måtte me skjære gjennom. The Fjords har fått kaiplass frå 19.30 og over natta, seier assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje.

Han fortel vidare at hamnevesenet si vurdering av saka er at The Fjords har søkt om og fått tildelt kaiplass ved Gudvangen ferjekai frå klokka 19.30 og over natta før Fjord2 spelte inn sine ankomsttider til Gudvangen.

50 tomme turar

No risikerer altså Fjord2 å køyre 50 tomme turar om sommaren fordi dei uansett må ha «Skånevik» til Gudvangen om kvelden, meiner Flåten i Fjord2 og håpar det ordnar seg med kaiplass.

– Om det vert så gale, vil kvar einaste tomme seglas på strekninga bety ei utgift på 10.000 kroner, seier han. 

Ferja kan ta med seg bilar, men når ein ikkje kan leggje til ferjelemmen, er det uaktuelt å ta med køyretøy. 

– Når me ikkje får gå til ferjekaia, kan me ikkje frakte bilar. Det seier seg sjølv, men dersom me får annan kaiplass i Gudvangen, kan me frakte passasjerar. Problemet er jo at 95 prosent av dei som reiser med ferja frå Gudvangen kjem med eigne bilar, legg han til.

Omstigning midtfjords

Løysinga kan dermed bli eit midtfjordsopplegg, der ferjene «Hardingen» og «Skånevik» går som planlagt frå høvesvis Gudvangen og Kaupanger klokka 18.00 med innlagt tilbod om omstigning  midtfjords. 

– Då vil me få til eit opplegg med ulike valmoglegheiter for dei reisande. Får me kaiplass i Gudvangen, kan dei vere med heile vegen, og me slepp å køyre tomt heile eller store delar av strekninga, seier Flåten. 

Det var i fjor at Fjord2 starta opp med rute mellom Kaupanger og Gudvangen. Ruta vart trafikkert av ei ferje med to avgangar kvar veg. I desember i fjor søkte verksemda om ytterlegare eitt ruteløyve, noko dei fekk innvilga.

Dette resulterte i at selskapet vil doble sin daglege aktivitet på strekninga Kaupanger-Gudvangen med fire daglege avgangar. I Gudvangen går tre av desse ankomstane greitt, men den fjerde, klokka 20.20, går altså ikkje fordi kaia er oppteken.

Denne artikkelen vart først publisert i Aurlendingen.

Til toppen