MISTAR LAGET: Morten Skarsbø ber dei som har lyst på eit fotballtilbod om å melde si interesse slik at dei kan stille lag til hausten også. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MISTAR LAGET: Morten Skarsbø ber dei som har lyst på eit fotballtilbod om å melde si interesse slik at dei kan stille lag til hausten også. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Risikerer å stå utan damelag til hausten

Trenar for damelaget Jotun/ÅTIL, Morten Skarsbø, likar ikkje den tanken.

Til hausten er det ikkje sikkert at det lenger er eit damelag i Årdal – iallfall ikkje slik det ser ut no. 

Etter som fleire av spelarane på laget skal flytta vekk for å gå på skule eller i militæret, er det ikkje nok spelarar å ta av til å melda på lag til haustsesongen.

– Det er jo bra at folk reiser for å ta utdanning, men då har ikkje me nok grunnlag. Då må me basera oss for mykje på å henta opp jentespelarar, og då blir det vanskelig å riva damelag frå år til år viss me skal låna og låna og låna, seier Skarsbø og ber alle som ønskjer eit fotballtilbod om å melde si interesse.

Mistar tilbodet sitt

I vårsesongen har laget stort sett bestått av unge spelarar, og difor merkar dei det såpass kraftig som no til hausten. Ei av dei som mistar tilbodet sitt er Jenny Hovland.

LES OGSÅ: Jotun/ÅTIL med på å skriva historie

– Eg har lyst til å halde fram. At det ikkje er nok spelarar gjer at eg ikkje får spela fotball, som er den einaste idretten eg driv med. Det synest eg er synd, seier ho.

– Det er ikkje berre for unge. Me ser på laga me møter at gjennomsnittsalderen er hlgare. Då blir motstanden tøffare, og me kan trenga folk me litt erfaring. 

Kult med damelag

Det same seier Ida Jevnaker sjølv om ho er ei av dei som gir seg til hausten. Grunnen til det er lett å forstå i og med at ho satsar for fullt på Jotun handball. 

– I ein alder av 18 år er det vanskeleg å driva med to sportar. Å ha eit damelag i Årdal synest eg er litt kult for fotball blir ikkje sett på som den største jentesporten, så eg synest det er stilig å ha eit damelag, seier ho.

– Eg håpar fleire har lyst til å vera med og ikkje berre sitja på utsida og sjå på. På fotballsida er det moro, og det må ikkje vera seriøst heile tida. Det synest eg folk skal tenka litt på, legg ho til.

Paradoks

Kanskje er det nokre som har lata seg inspirere av dei norske fotballkvinnene, som i går rauk ut av VM i eit surt tap for England. Skarsbø er iallfall klar på ein ting.

– Eg tykkjer det er eit paradoks at her i Årdal kranglar me om tal på lag, og så har ein faktisk ikkje seniorlag i Aurland og Lærdal på herresida. Noko må gjerast. Neste år burde me tenka meir slik, seier han og føresler følgjande løysing.

LES OGSÅ: Damelaget kjempar i toppen av tabellen

– Neste år burde dei tre kommunane Årdal, Lærdal og Aurland gå ilag på damesida. Skal fotball vera ein idrett for damer, må me ha eit betre grunnlag. Eg trur det vil styrka fotballen i Sogn også. Då har flaggskipet større rekrutteringsevne, men då må det ikkje vera slik at nokon gir og ein tar. 

Fin plassering på tabellen

Jotun/ÅTIL enda vårsesongen på ein 3. plass i 4. divisjon, avdeling 1. Laget spelar 7-arfotball, men kampane varar like lenge som ein vanleg fotballkamp.

I vår tok laget ti poeng på seks kamper. Sogndal toppa avdelinga med 13 poeng, medan Jølster blei nummer to med tolv poeng. Nedst på tabellen, utan eit einaste poeng, kom Hafslo.

Til toppen