VEKST: – Utviklinga i norsk bringebærdyrking dei siste åra er ei suksesshistorie, og er eit resultat av forsking og samarbeid som no gir stor verdiskaping i næringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp).
VEKST: – Utviklinga i norsk bringebærdyrking dei siste åra er ei suksesshistorie, og er eit resultat av forsking og samarbeid som no gir stor verdiskaping i næringa, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). (Bilde: Kari Hamre)

Rivande utvikling for norske bringebær

På 15 år har norsk bringebærproduksjon hatt ein stor vekst. I 2001 produserte vi 18 tonn bringebær, og i fjor låg produksjonen på 1.138 tonn.

Lærdal: Det totale salet av jordbær i Noreg har også hatt ei god utvikling – nesten ei tredobling sidan 2001, viser tal frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.

– Utviklinga i norsk bringebærdyrking dei siste åra er ei suksesshistorie, og er eit resultat av forsking og samarbeid som no gir stor verdiskaping i næringa. Forbrukarane får eit produkt dei spør etter og vil ha, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Bringebærdyrking har lenge vore ei viktig næring fleire stader i landet. Nye sortar og bruk av ny dyrkingsteknikk med plasttunnelar har vore viktig for resultatet.

I dag utgjer bringebærsorten Glen Ample 95 prosent av norsk produksjon av bringebær. Og i år har Graminor utvikla bringebærsorten Agat, som får gode tilbakemeldingar. Fleire bringebærprodusentar har planta den nye sorten i år. Det vil gi ein liten avling neste år, og etter planen vil sorten bli produsert for sal året etter. 

God Vestlandssesong

Bringebærprodusentar i Sogn og Fjordane melder så langt om ein god sesong. Avlingsnivået er omtrent som i fjor, men kjølig vêr har gjort at sesongen er 10 dagar seinare enn fjoråret. I Sogn og Fjordane vert mesteparten av bringebæra som skal går til forbrukar, dyrka i plasttunnel. Det gir produsentane kontroll på nedbøren. I år har fleire dyrkarar investert i plasttunnel, noko som kanskje kan gi eit høgare volum med konsumbær i år.

Stor norsk jordbærproduksjon

Talet på jordbærprodusentar har gått ned dei siste ti åra, men produksjonen har likevel auka. Den norske produksjonen av jordbær har auka frå 3.102 tonn i 2005, til 4.604 tonn i 2016. I fjor fekk vi to nye jordbærsortar, Nobel og Saga, som er utvikla av Graminor. Sortane ser ut til å vere sterke mot mjøldogg, toler den norske vinteren betre, held seg lengre og har ein god smak. Det har tatt tolv år å utvikle bæra.

Importplantar forlengjer sesongen

I 2015 gjorde regjeringa det mogleg for norske bønder å dyrke bærsortar frå EU-land. Sortane bidrar til å forlengje sesongen og gir auka produksjon og lønsemd for norske bærprodusentar. Sortane har også gjort det mogleg å produsere jordbær nord i landet vårt.

(©NPK)

Til toppen