RO FOR FRAMTIDA: Under kveldsgudstenesta i Hauge kyrkje søndag tok folk seg tid til å sjå attende, men også framover i eitt nytt år. Foto: Jan Christian Jerving
RO FOR FRAMTIDA: Under kveldsgudstenesta i Hauge kyrkje søndag tok folk seg tid til å sjå attende, men også framover i eitt nytt år. Foto: Jan Christian Jerving

Ro og stemning - eitt år etter brannen

For å markere at det er eitt år sidan storbrannen, var lærdøler samla i Hauge kyrkje til kveldsgudsteneste søndag, for å tenne lys for framtida. 

Søndag var det tid for ei roleg og meditativ gudsteneste, med musikkinnslag, ord og lystenning, med ønskje om eit godt år i 2015.  

LYS OG HÅP: Kveldsgudsteneste og lystenning i Hauge kyrkje.
LYS OG HÅP: Kveldsgudsteneste og lystenning i Hauge kyrkje.

Sokneprest Helene Langeland innleiia med å minne kyrkjelyden om å kjenne på ro, og å dvele ved året som er gått. 

NYTT ÅR: Sokneprest Helene Langeland i Hauge kyrkje.
NYTT ÅR: Sokneprest Helene Langeland i Hauge kyrkje.

 – Me skal stoppa opp i, gje tid til refleksjonar og tenna lys for framtida,  fortsette Langeland.

Lokalt og i verda

I forbøn takka soknepresten for at me står i ein større samanheng og ba om rettferd og fred i alle område av verda. Ho ba om at me saman skal finne gode løysingar for menneske og miljø, nasjonalt og internasjonalt.  

– Me ber for enkeltmenneske i bygda vår. Mange vart i 2014 ramma av storbrann og flaum. Du ser alt som har vore vanskeleg, alle matrielle tap og andre utfordringar som enkeltmenneske elles står i. Me ber om lindring i tunge stunder, om styrke og glede for framtida, seier Langeland.  ​

I tillegg var det rom for musikkinnslag, der Inger Stokkstad på blokkfløte og orgelmusikk av Øystein Stensland, stod for vakker musikk. 

Takka

Soknepresten takka og ba for alle som i arbeid og fritid brukar av si tid for å hjelpe andre, styrke og klokskap for alle med ansvarsfulle stillingar når avgjersler skal takast og oppgåver gjennomførast og for fellesskap og samhald i bygdene og for 2015. 

– Gje oss gode evner til å tenkje framover, til å finne glede, framtid og håp, avslutta soknepresten.

STEMNINGSFYLT: Hauge kyrkje i vintermørket.
STEMNINGSFYLT: Hauge kyrkje i vintermørket.

 

Til toppen