ROBOT: Det vil kome stadig meir automatisering i framtida – også i kommunen, der byggjesakshandsamarar kan bli erstatta av robotar. Rådmann Olve Fossedal i Årdal (t.h.) likar tanken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ROBOT: Det vil kome stadig meir automatisering i framtida – også i kommunen, der byggjesakshandsamarar kan bli erstatta av robotar. Rådmann Olve Fossedal i Årdal (t.h.) likar tanken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Robotar kan handsame enkle byggjesaker: – Gjerne for meg​

Rådmann i Årdal kommune Olve Fossedal likar ideen.

Årdal: Om ikkje lenge kan robotar overta handsaminga av byggjesøknader i kommunane, skriv Dagens Næringsliv.

No er automatiseringa i kjømda. Bodø og Kongsberg er først ut, og har valt it-konsernet Evry som samarbeidspartnar for å utvikle, implementere og realisere løysinga. Ifølgje leverandøren vil det gi kortare sakshandsamingstid, betre samhandling og reduserte kostnader.

Rådmann i Årdal, Olve Fossedal, trur dette er noko som er kome for å bli. Han likar ideen.

– I prinsippet er me interessert i å produsere tenester så effektivt som mogleg. Kommunen vår ligg ganske langt framme når det gjeld bruk av teknologi og løysingar. Staten legg over til at all korrespondanse skal gå elektronisk, og denne robotiseringa er i tråd med utviklinga, seier han.

– Me er interessert i å følgje med og ta i bruk sakshandsamingsrobotar når det er operativt, ja. 

Kan ta unna 80 prosent

I Noreg jobbar i dag omtrent 1.500 kommunale sakshandsamarar med behandling av byggjesøknader. Dei siste åra har mengda av byggjesøknader på landsbasis lege på i underkant av 100.000 søknader per år, viser tal frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Dei fleste enkle byggjesaker kan i praksis automatiserast heilt, noko som reduserer behovet for menneskeleg tilverking. Også ved kompliserte utbyggingsprosjekt, der vurdering og skjønn slår inn, vil ein oppnå positive effektar, seier Geir Arne Olsen, leiar for Evrys satsing i offentleg sektor, til avisa

Han anslår at bortimot 80 prosent av søknadene kan behandlast av robotsystemet.

– Gjerne for meg

– Her snakkar me om enkle plan og byggjesaker med spesielle krav til dokumentasjon. Gitt at alle ting er på plass, treng ein ikkje bruka sakshandsamar. Viss det er robotar som kan gjere dette, så gjerne for meg, seier Fossedal.

Gjennom eit år kjem det mange byggjesaker til kommunen. Dei fleste sakene er rein rutine og går greitt gjennom mølla. Dei kontroversielle og spesielle sakene derimot, havnar på bordet til formannskapet.

Pilotprosjektet skal vere klart til sommaren.

(©NPK/Porten.no)

Til toppen