GOD STEMNING: John Erik Rode (t.v) og Terje Hovlandsvåg (t.h) var to av dei som bidrog til å skape god stemning i kveld. Foto: Sunniva K. Øvstetun
GOD STEMNING: John Erik Rode (t.v) og Terje Hovlandsvåg (t.h) var to av dei som bidrog til å skape god stemning i kveld. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Rocka musikk og god stemning på nyttårsball

Med Årdalssongen som fyste punkt på programmet kunne ikkje nyttårsballet  for psykisk utviklingshemma i Sogn verte anna enn bra.

I kveld var det duka for det sekstande nyttårsballet for psykisk utviklingshemma i Sogn, og festen vart arrangert på Klingberg Hotel på Årdalstangen.

Nærare hundre deltakarar frå Årdal, Sogndal, Luster, Leikanger, Lærdal, Aurland, Vik og Balestrand møtte opp, og stemninga var på topp frå fyste stund.

Det lokale ASVO-bandet var eit av musikkinnslaga på kveldens arrangement, og bidrog i stor grad til å skape god stemninga. Bandet, som har medlemmar med ulik grad av funksjonalisme, imponerte stort.

Innhaldsrikt program

ROCKA LAUS: Terje "Elvis" Hovlandsvåg rocka laus då han song Elvis.
ROCKA LAUS: Terje "Elvis" Hovlandsvåg rocka laus då han song Elvis.

ASVO-bandet, som består av omkring 30 hjelparar og brukarar er eit band som spelar saman ei gong i veka. Dei har ikkje spelt saman i meir enn 1,5 år, men imponerte likevel i kveld med den eine slageren etter den andre. Alt frå trommer til trekkspel kunne dei dyktige musikarane spele, og speleglede var det ikkje mangel på.

Ein av dei som verkeleg imponerte var Terje «Elvis» Hovlandsvåg. Den 49 år gamle mannen har drøymt om å synge Elvis framføre publikum så lenge han kan hugse, og i kveld vart draumen verkeleg.

- Kjempegøy! Eg likar Elvis veldig godt, og dette var min sjanse til å rocke litt laus. Eg har til og med vore i Memphis og Graceland.

Stor stas
- Dei hadde til og med Elvis med seg! Dette var kjempemoro, og dei var veldig flinke til å synge. Eg vart i alle fall veldig imponert over ASVO-bandet, fortel Jostein Ålhus frå Øvre Årdal med eit smil.

Artikkelen held fram under biletet

IMPONERTE: Jostein Ålhus og Kristine Tråi lot seg imponere av dei dyktige musikarane i ASVO-bandet.
IMPONERTE: Jostein Ålhus og Kristine Tråi lot seg imponere av dei dyktige musikarane i ASVO-bandet.

Ålhus var ein av deltakarande på kveldens nyttårsball, og med seg hadde han Kristine Tråi. Tråi er einig med Ålhus, og vart sjølv imponert over ASVO-bandet. Ho påpeikar at eit arrangement som dette er viktig for menneske med særskilde behov, og tykkjer arrangørane har gjort ein god jobb.

- Det er ikkje alle stadar at menneske med særskilde behov har dette tilbodet, og det er i grunn ganske synd. Eit tilbod som dette er kjempeflott for dei som treng det, og det er viktig at tilbod som dette ikkje forsvinn no når kommunen skal spara pengar. Det er nemleg ikkje så mykje som skal til.

Eit viktig tilbod
Ein av mennene bak det viktige tilbodet som ASVO-bandet er, er John Erik Rode. Med seg har han hatt Helge Øren, Alexander Kinserdal og Laila Asperheim, og Rode fortel at ASVO-bandet er meir enn berre musikk.

Artikkelen held fram under biletet

SKAPAR TRIVSEL: John Erik Rode slår fast at eit tilbod som ASVO-bandet er svært vikitg.
SKAPAR TRIVSEL: John Erik Rode slår fast at eit tilbod som ASVO-bandet er svært vikitg.

- Dette er eit kjempeviktig tilbod. Musikk er eit fantastisk verkemiddel til å fremje utvikling og dette er noko me legg stor vekt på. Musikk vert som eit felles språk som alle kan kommunisere med.

- Når me samlast på dei vekentlege øvingane våre nyttar me song, improvisasjon og rørsle, sånn at me kan ha eit tilbod for alle. Det er viktig for oss å skape trivsel og bidra til å gi musikarane våre betre sjølvtillit.

Givande arbeid
Anita Heggheim Mannsverk og Margrethe Rognaldsen er to av kvinnene bak kveldens arrangement. Dei to damene er båe ansette i spesialomsorga og har baka kaker på dugnad. Rode og dei andre som står bak arrangementet stiller alle opp frivillig på fritida si for å bidra. Rode fortel at dette er fordi det er givande å arbeide med menneske med særskilde behov.

- Når eg reiser frå øvingane er eg alltid i godt humør! Å spele saman med ASVO-bandet er meir givande enn det er krevjande, og det er rørande å sjå den framgangen som mange av musikarane har hatt etter dei byrja å spele saman med oss.

ASVO-bandet har hatt fleire ulike spelejobbar tidlegare, og Rode kan avsløre til porten.no at bandet har ei spanande tid i møte.

Til toppen