Rocka påsken i gang

Med rundt 1000 billettar seld, kan Påskerock 2015 skrivast inn i bøkene som ein publikumssuksess. 

Sjå biletegalleri frå torsdagen øvst i artikkelen.

Det populære ungdomsbandet System of Six var fyrst på scena torsdag kveld. Allereie før dei fyrste tonane vart spelt, stod publikum framme ved scena og nærmast heia i gong Frida Tryti Hunshammer og bandet hennar.

Sjå bilete frå fyrste dag av Påskerock 2015 HER.

Full jubel

System of Six fekk raskt publikum ut på dansegolvet, og med kjende poprock-låtar låg alt til rette for topp stemning og allsong. Kvar song enda opp i jubel frå publikum og då konserten var ferdig vart bandet drukna i høglydte ynskjer om ein siste song. Det er ingen tvil om at dette var eit ettertrakta innslag og bandet vert med rette kalla for framtida til Hugin Musikkforum.

Steintung rock

Stuv entra scena på Bakeriet etter gjengen i System of Six, og dette var det mange som hadde venta på. Tungrockarane blant publikum kom fram frå krokane i lokalet og kjempa om plass framst ved scena. Vokalist Bjørn Havro og resten av Stuv byrja brutalt og lagde eit show som fekk heile Årdal til å riste med heftige trommeslag og buldrande basstonar.

Utseld

– Bakeriet leverar til gangs. 

Terje Svori, leiar i Hugin Musikkforum

Torsdagen danka ut onsdagen med utselde billettar ein halvtime før midnatt.  Bakeriet takla mengda med folk utan problem, sjølv om ein kunne oppleve køar i gangen mellom Samhold og rockelokalet. Det var knytt mykje spenning rundt det nye lokalet og især når sjølve innviinga skjer under Påskerock. – Bakeriet leverar til gangs. Musikarane er fantastisk nøgde og dei tilbakemeldingane eg har fått frå publikum har berre vore positive, fortel leiar i Hugin Musikkforum, Terje Svori.

Gjensyn

Då det var Nuisance sin tur til å gå på scena vart det verkeleg kamp om plassen framfor scena. Generasjonen som vaks opp med bandet på 90-talet flokka seg saman og fekk friska opp i tjue år gamle musikkminner.

LES OGSÅ: Seks år sidan sist Påskerock

Etter fleire år i dvale, leverte Nuisance som alltid og gav publikum ein perfekt avslutning på årets Påskerock.

– Hugin Musikkforum er utruleg godt nøgde med arrangementet. Påskerock nummer 20 vart som me hadde håpa på, seier Svori. 

 

Til toppen